I`ll meet you in the morning
Oh, my soul`s gonna shine
Kristin Asbjørnsen kom i forige månad med ny CD med tittelen "I`ll meet you in the morning". Ho har dei siste åra markert seg som ein sentral aktør i norsk musikkliv innan spirituals og jazz. Den siste CD er og i sjangeren african-american spirituals men med hennar personlege uttrykksform. Ho held seg ikkje strengt til originaloppskrifta men prøver å finna sin eigen veg inn i stoffet inspirert også av folkemusikk, world-music og moderne jazz. Kristin Asbjørnsen var den siste eleven til den legendarisk sprituals og gospel sangerinna
Ruth Reese, og ho overtok notane hennar.Det såg ho som ei store ære, nærast eit kall. Spirituals platene hennar er forankra i Ruth Reeses musikk.
Spirituals sjangeren har sin bakgrunn i musikken som oppstod under dei afro-amerikanske slavane sin fridomskamp. Borgarettskampen i forige hundreår var og sterkt inspirert av denne uttrykksforma. Martin Luther King brukte spirituals for å fremja sin bodskap.
Det er sprengkraft i denne musikken både religiøst og politisk,som det er umogleg å vera likegyldig til.Det andelege og politiske går paralellt, det ein skyggar ikkje for det andre.
Kristin Asbjørnsen sin personleg vri på denne musikken gjev oss ei ny og inspirerande oppleving. Dette er stort å lytta til.
I`m gonna cross the river of Jordan
I`m gonna cross it for myself
There`s no one here to cross it for me
I`m gonna cross it for myself
I`m gonna meet my dear old mother
I`m gonna meet her for myself
There`s no one here to meet her for me
I`m gonna meet her for myself.
https://www.youtube.com/watch?v=gq3HQfP-yVo
Finfin videolink, godt å få slik musikk til morgonkaffen :)
SvarSlettHo er ein musiker med sjangeren i ryggmargen. Sterk, vàr og flott i si formidling. Har vore så heldig å oppleve henne live og det har vore flott. Den gongen med Tord Gustavsen m.fl. Ho er inderleg.
God laurdag på deg!
Marieklem
Hei!
SvarSlettEg har og høyrt henne live. Det var litt tilfeldig, eg kjente ikkje til henne frå før. Då var det mest musikk frå Wayfaring stranger . Fin oppleving