Attende.
Tett bjørnebærris
stien
nesten attgrodd
skarpe
torner rispar foten
bjørkeskogen
har skote i veret
og
dekkar nesten utsynet
mot
fjorden stille og haustblank
langt
der ute
kransen
av holmar
pryda
med glattskurte berg
kvilande
i skuggen
no
når sola står lågt
men
slik er det
du
kjenner att alt dette
sansane
lever
bilete
løfta frå djupe lag
eit
varleg pust
lyset
frå akkurat den kanten
dei
kjende luktene
lyden
av bekken
som
snor seg varleg langs stien
for
så å gjera eit brått kast
over
berget like under.
Alt
er som før
nesten
som før
når
stien vidar seg ut
ein
grasvoll å trø over
ein
himmel å undrast under
eit
berg å stryka sorga på.
Nydelig!
SvarSlettMarieklem