Budsjettavtalen mellom Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg folkeparti og Venstre resulterte mellom anna at i det vart løyvd 5 millionar kroner til handlingsplan mot antisemittisme. Dessverre er ein slik handlingsplan påkrevd, det dukkar stadig opp nøye utslag av fordommar mot jødar i Norge og spørjeundersøkjingar syner av 12 prosent har antisemittiske haldningar. Det er eit skremmande høgt tal i november 2013, 75 år etter Krystallnatta og 71 år etter at norske jødar vart henta av norsk politi og deportert til Auschwitz med lasteskipet Donau.( sjå tidlegare innlegg på bloggen)
Forfattaren og samfunnsaktivisten Sara Azmeh Rasmussen skriv om markeringa av Krystallnatta, ho er sjokkert over at det ikkje gjorde større inntrykk at eit medlem av Ungdom mot rasisme måtte halda seg borte frå markeringa pga. drapstruslar. Sjølv iførte ho seg ein jødisk kippa for å visa solidaritet.
"Flott hvis pengene blir brukt riktig", seier forstander i Ervin Kohn i det jødiske samfunnet i Oslo.
Han legge til:" Vi har tidligere reagert på at nesten all undervisning og forebygging av antisemittisme
dreier seg om holocaust. Det blir feil. Antisemittismens historie går mye lenger tilbake enn holocaust. Det hverken begynte eller sluttet med holocaust."
I intervjuet med "Vårt Land" sluttar han med å føreslå at ein del av løyvingane bør gå til Det mosaiske trussamfunnet og Antirasistisk senter slik at dei kan dra rundt og informera norske skuleelevar om antisemittisme.
Eit godt forslag, ingenting er viktigare enn å førebyggja desse mørke haldningane hos dei unge.
Dessverre ser det ut til at dette må gjentakast og gjentakast i all framtid.
26.november 1942: norske jødar ventar på å bli deportert med "Donau".
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar