mandag 18. november 2013

Tusen ganger god natt

Filmregissør Eriks Poppes siste film "Tusen ganger god natt" er eit sterkt og personleg drama om den grunnleggande konflikten mellom ansvaret for eigen familie og det ansvaret ein har for verdsamfunnet.
Krigsfotografen Rebecca, spelt av Juliette Binoche, står midt i denne opprivande konflikten. Filmen byrjar med at ho føl ein kvinneleg, afgansk sjølvmordsbombar for å dokumentera handlinga fotografisk. Det fører til at ho sjølv blir livstrugande skadd. Heime i Irland hos mannen, spelt av Nikolaj Coster-Waldau, og dei to døtrene reiser dei grunnleggjande spørsmåla seg. Er det lov å utsetja eigen familie for dette ? Dei som har levd i stadig angst for at ho ikkje skal koma heim i livet, medan ho har vore oppteken med å dokumentera for all verda det som skjer i  konfliktområder. For Poppes er nok dette og personleg og litt sjølvbiografisk, på åttitalet arbeidde han som fotograf i krigs og katastrofeområder. Når han talar av eiga erfaring blir filmen desto meir intens og realistisk. At Rebecca er kvinne gjer kanskje ubehaget enno større, som mor forlet ho sine to små døtre og risiskerar at ho aldri ser dei att. Det er framleis forskjell på kvinner og menn iallfall i vår oppfatning av ekstremsituasjonar.
Kva er Rebeccas motiv ? Kanskje er dei ikkje eintydige ? Ho vil redda verda ved å visa fram det grusomme som skjer og få verdssamfunnet til å reagera ?  I scenen frå flyktingeleiren i Afrika oppnår ho også dette, men ho forlet dottera og den norske hjelpearbeidaren (Mads Ousdal) og set seg i livsfare. Heime fører det det til ytterlegare konflikt og ekteskapet raknar. Denne scenen blir ekstra sterk i det vi ser alt gjennom tenåringsdatteras auge, ho filmar moras dramatiske opptrinn med sitt kamera. Idealismen får på denne måten eit kynisk preg og ein lurer på om det eigentleg motivet er ei ekstrem spenningsøking eller kanskje eit indre raseri som ho må få ut på ein eller annan måte ?
Som krigsfotograf opplever Rebecca  det same som mange soldatar og kanskje og hjelpearbeidarar i katastrofeområde, kvardagen blir vanskeleg å takla, ein klarer ikkje å omstilla seg til dagleglivets modus.
Erik Poppe problematiserar, men gjev ikkje enkle svar. Kanskje er det heller ikkje enkle svar ?  Men filmar som "Tusen ganger god natt" opnar for refleksjon. Eg trur ein må velga familien eller verdssamfunnet, iallfall i perioden med mindreårige born. Etter katolsk oppfatning vil ein alltid ha eit primært ansvar for familien. Ekteskapet er eit sakrament og familien  ein gudgjeven struktur. Alternativet er at ein lever einsleg (sølibatet) og kan ofra seg for Kyrkja, verda og alle andre. Det blir eit valg og eit kall.
"Tusen ganger god natt" er ein sterk og velkomponert film, noko av det beste som er gjort i Norge. Ei god historie framført på ein truverdig måte og på ein måte som manar til ettertanke og refleksjon. Det er akkurat det som er ein god film.

                                           Juliette Binoche som krigsfotografen Rebecca.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar