onsdag 25. juli 2012

Poetica:Concepción.Barokk musikk frå Bolivia

Florilegium & Bolivian soloists:  Bolivian Baroque. Baroque music from the missions of Chiquitos and Moxos Indians. Channel Classics records 2005.


Caîma,  Iyaî Jesus
Izet` aemo, au niñooutimo,
na apoquenu nauxîica,
mta auna cubare iñemo.
( I dag, Herre Jesus
kjem eg til deg, for du er mi von
i deg finn eg mi lukke
fordi eg også elskar deg)

Denne teksten på det lokale indianerspråket i Concepcion er med på Florilegiums første CD med barokk- musikk frå Bolivia som vart innspelt i katedralen i Concepcion i 2004 og som fekk ein strålande mottaking i verdas leiande musikktidsskrift.
Av og til dukkar det opp ukjente musikkskattar frå gløymte arkiv slik som Bach kantaten " Alles mit Gott" som eg tidlegare har skreve om. Men på 1990 talet blei det funne mange tusen barokk komposisjonar djupt inne i jungelen i Bolivia. Den polske jesuittpresten og musikkforskaren Piotr Nawrot er den som kan takkast for at denne ukjente musikken kom fram i ljoset. Pater Nawrot hadde lenge vore sentral i boliviansk musikkliv som pådrivar i musikkopplæring av barn og unge, og som kunstnarleg direktør for barokk musikk festivalen i Bolivia. Når han drog fram denne ukjente musikken var det i tradisjonen til sine ordensbrødre som dreiv misjon i Bolivia frå 1600 talet og fram til dei vart utviste i 1767. Sentralt i  jesuittane si misjonsverksemd stod musikalsk opplæring av dei innfødde, både instrumentalt, vokalt og i komposisjon.
Kvart lokalsamfunn der det var jesuittmisjonærar  hadde sine orkester og kor som vart nytta i det daglege liturgiske livet. Ein del av musikken var av europeisk opphav eller av latinamerikanske komponistar slik som  Domenico Zipoli frå Argentina, men mange komposisjonar hadde lokalt indiansk opphav. For jesuittane var det viktig å dra inn lokale tradisjonar og spela på dei innfødde sin kreativitet, det var like naturleg å nytta sakrale tekstar på lokale språk som på latin.
Piotr Nawrot har nok følt at denne musikalske skatten måtte også verda utanfor Bolivia få del i. I 2001 tok han kontakt med  det britiske barokk orkesteret Florilegium og den kunstnarlege leiaren Ashley Solomon.
Dette fruktbare samarbeidet har til no ført til innspelinga av tre CD med barokk musikk frå Bolivia, ei rekkje konsertar og fjernsynsprogram. Og ikkje minst eit kraftig løft for musikklivet i dette fattige latinamerikanske
landet.
Dette er musikk der tekst og tonar løftar sjela, og ein ser klårt at  den verdensvide Kyrkja er utan avgrensing i tid, rom, språk eller kultur.



http://www.youtube.com/watch?v=ZNeYBdGN7OQ




                   Concepción.

Regnskogen som eit levande vern rundt musikken,
og denne åpne plassen inst inne i hjarta
mellom katedralen og landsbyen.
Tonane som sølv i trekrunene
der ingen kan seia kvar tonane sluttar
eller lyset byrjar.
Nedfrosne lysstråler tint opp etter trehundre år
inn i det varme,fuktige, grøne
der fuglesongen er så sterk
at den får farge.
Ein stad mellom grønt og fiolett
går det an å minnast dette
og likevel alt som er utanom.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar