onsdag 4. juli 2012

Abbaye de Lérins

Frå salme 66 til Laudes:
”Que Dieu nous prenne en grâce et nous bénisse, que son visage s`illumine pour nous; et ton chemin sera connu sur la terre, ton salut, parmi toutes les nations.”

( Gude vere oss nådig og velsigne oss. Gud la sitt andlet lysa for oss! Då skal din veg bli kjend på jorda, di frelse mellom alle folkeslag.)

Hagen framfor klosteret mot inngongen til kyrkja.


Det er berre ei kort båtreise på om lag ein halv time frå havna i Cannes ut til îles de Lérins. Den største er Sainte Marguerite, skild frå denne med ein smalt sund ligg Sainte Honorat. Ei kort reise frå det hektiske livet i Cannes, men likevel ei lang reise. Når vi stig i land på Sainte Honorat er det som å koma til ei anna verd, ei verd av ro, stille og bøn. Vi går gjennom ein allé omkransa av vinmarker og lavendel til den andre sida av øya, her ligg klosteret Abbaye de Lérins like i sjøkanten. Litt lenger ute ligg det gamle klosteret, bygd som festning i vern mot sjørøvarar. Dette er historisk grunn, det første klosteret vart grunnlagt av Den heilage Honoratus på 400 hundretalet. Klosteret hadde oppgangs- og nedgangstider, og  etter den franske revolusjonen vart det stengt og øya lagt ut på auksjon. Men det kom nye tider og i 1869 vart det overteke av Cisterncienserordenen ( dei same som er på Tautra og Munkeby i Trøndelag), og klosteret har vore aktivt etter det. I dag bur det vel 20 munkar her. Cisternciensarordenen er ein av dei kontemplative klostersamfunna, dvs. det er bøn som er deira viktigaste oppgåve, den individuelle bøna i klostercellene men ikkje minst fellesbøna, tidebønene som innesluttar heile døgnet. Det byrjar med vigilien kl 0430 og avsluttar med kompletorium kl 1945, mellom desse tidspunkta ber dei laudes, ters, sext, non og vesper. Eit velprøvd system utvikla av Kyrkja i dei første hundreåra og nytta av tusenvis av munkar og nonner like til vår tid. Men dei nyttar ikkje lenger dei latinske tekstane, fransk har overteke og gjer det heile meir tilgjengeleg for oss.  ” Ora et labora”- bøn og arbeid er uløyseleg knytt saman i Cisternciensarordenen slik også i Abbaye de Lérins. Her er det vinproduksjon som gjev arbeid til munkane og inntekt til klosteret.

Etter å ha sett oss rundt går vi til klosterkyrkja som er den einaste delen av klosteret som er open for publikum, det er tid for messa, den daglege Eukaristifeiringa. Kyrkja fylles opp denne onsdagsformiddagen, og det oppleves godt å vera ein del av dette, ikkje berre ein tilfeldig utanforståande. Når vi på slutten av dagen ser St. Honorat forsvinna bak oss er det med ønskje om å koma tilbake ein annan gong!
 Lenke til klosteret si heimeside: www.abbayedelerins.com/


Båten til Iles de Lerin: http://www.cannes-ilesdelerins.com/index.php
Avslutninga på kvart ledd i tidebønene:
”Gloire au Père et au Fils et au Saint Esprit, pour les siècles des siècles. Amen”
(Ære være Faderen og Sønnen og Den Hellige Ånd. Som det var i opphavet, så nå og alltid og i all evighet. Amen)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar