mandag 2. juli 2012

Thérèse Martin på veg heim frå Roma

Når ein er ute og reiser kan det brått dukka opp uventa og spennande detaljer slik som dette skiltet på eit hotell på Quai des Etats-Unis i Nice.





På dette hotellet budde den unge Thérèse Martin seinare kjent som St. Thérèse de  L`enfant Jèsus.(Den heilage Thérèse av Jesusbarnet) mellom, 28. og 29. november 1887 på veg tilbake frå Roma.

Thérèse var saman med faren og søstera Celine med i ei gruppe franske pilegrimer som reiste til Roma. Reisa gjekk frå Lisieux i Nord-Frankrike til Paris, vidare via Sveits til Milano, Venezia, Assisi og Loreto for så endeleg å nå Roma. På vegen er dei innom mange kyrkjer og heilage stader, men høgdepunktet er audiensen hos pave Leo XIII som dette året feirer sitt 50 års jubileum som prest. Thérèse fell på kne og ber han om løyve til å bli karmelittnonne sjølv om ho berre er femten år.  Pavens svar er at dersom det er Guds vilje vil ho få gå inn i karmelklosteret. Thérèse føler seg nedtrykt etter å ha fått dette svaret, men året etter får ho likevel ønsket sitt oppfylt.

Thérèse skriv detaljert om reisa til Roma, men ikkje så mykje om heimturen.  ” Etter å ha passert Pisa og Genova kom vi tilbake til Frankrike via ein av dei vakraste rutene. Til tider var vi nær sjøen, og ein dag med storm syntest det som om bølgene skulle nå toget. Vidare reiste vi over sletter med appelsintre, oliventre og palmer.  Om natta kunne vi sjå dei blinkane lysa frå havnebyane, og stjerner dukka opp på den djupt blå himmelen. Eg såg det vakre landskapet gli forbi augene mine utan kjensle av tristhet – hjertet mitt var alt ein annan stad.” Thérèses hjerte er alt i Karmel der ho skal koma til å leva eit stille liv som nonne inntil ho døyr av tuberkulose 24 år gammal. Ikkje noko tyder på at det er noko ekstraordinært med henne, og så blir ho likevel den moderne tids kanskje viktigaste helgen.

I eit kort glimt ser eg henne for meg denne novemberdagen for 125 år sidan i det ho går inn på  hotellet, kledd i mørk, fotsid kjole, håret sett opp i nakken. Ho går i lag med Celine og faren , alle trøtte etter reisa, men i augene til Thérèse er det eit lys frå den andre verda. Så er eg tilbake i folkemengda, i sollyset og bølgene på Baie des Anges, og eg kjenner at dette er ikkje lenge sidan, Thérèse er fødd same året som min bestefar, ho kunne vore mi grandtante!

Heilagkåra i 1925, skytshelgen for misjonærar og for Frankrike saman med Jeanne d`Arc. I 1997 vart ho av pave Johannes Paul II utnemnd til kyrkjelærer. Kvifor skjer alt dette ?

Kanskje fordi ho klårare enn dei fleste  viser oss kjernen i evangeliet, gjennom sitt liv og sine skrifter(L`histoire d`une âme). Thérèses veg er den vesle vegen der vi innser at vi er  totalt avhengige av Guds nåde åleine.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar