mandag 30. juli 2012

Ogmund rid heim

Du kunde godt venda heim.
Ingen jorsalfar hadde lenger veg.
Stengd av drivis i Kvitehavet.
Lange var elvane i Russland.
Med askespjot frå Sponheim
stod de ved Jeriko.

No rid du heim yver sletta i Ungarn.
Kveldsoli skin,
og vinden helsar deg frå nord.
Då ser du skautet på Vassfjøro.
Tårone dryp under hjelmen.



                                    Ulvik med fjellet Vassfjøro.

Diktaren Olav H.Hauge  døydde  nær 86 år gammal i 1994. Året etter vart det reist ein minnestein over han i heimbygda. Sjølv ønskte han ikkje nokon minnestein over seg sjølv, men over diktinga. Han valde då diktet
"Ogmund rid heim" frå samlinga  " Dropar i austavind" (1966) til å verta hoggen inn i steinen.  Steinen vart reist 25.mai 1995, forfattarven Einar Økland held avdukingstalen under overskrifta "Heimferd".
Kanskje kunne ein ikkje ha vald noko betre dikt for å karakterisera Olav H. Hauge. Ogmund frå Sponheim i Ulvik, frå soga om Håkon Håkonsson som via Russland kom til det heilage landet med "askespjot" frå  heimbygda i neven. Olav H. Hauge knyter her saman der nære og lokale med det store og globale, samstundes knyter han saman historie og notid. Når Ogmund ser fjella i heimbygda og gret er det sine eigne kjensler han gjev uttrykk for. Dragnaden til den store verda, den store utferda og så verta utferda ei einaste stor heimferd som Einar Økland seier i sin minnetale.
Ein vert aldri ferdig med denne diktaren , her er stadig nye skattar. Arne Skjerven og Steinar Bergo har skreve boka "Olav H. Hauge og bygda" som skildrar diktaren og lokalsamfunnet. Eit fint supplement til Knut Olav Åmås sin store biografi.
Til slutt  diktet " Kor lenge har du sove ? ", eg ser det som ei lovprising av undringa, ei av dei viktigaste kjenslene til mennesket.

Dette vågar du,
slå augo opp
og sjå deg ikring ?
Jau, du er her,
her i denne verdi
du drøymer ikkje,
ho er slik du
ser henne, tinga her
er slik
Slik ?
Ja, nett slik
ikkje onnorleis
Kor lenge har du sove ?



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar