onsdag 18. juli 2012

Poetica:Pére Lachaise

Pére Lachaise er Paris størst gravplass. Sidan byrjinga av 1800 talet er meir enn sytti tusen personar, kjente og ukjente, gravlagde her. Det som nok og dette som  gjer Pére Lachaise til ein turistattraksjon , gravsteinane med med dei mange store navna, særleg dei frå kulturhistoria. Her finn ein komponistar som Chopin, Rossini og Poulenc, forfattar som Oscar Wilde, Marcel Proust og Guillaume Appolinaire, filosofar som Lyotard og Merleau-Ponty, artistar som Edith Piaf, Jim Morrison, Isadora Duncan og Yves Montand.
I døden er dei alle like, eller iallfall nesten, enkelte av gravmonumenta er  meir forseggjorde og utsmykka enn andre.
Å gå rundt her er spennande , det skaper mange tankar om liv og død, kunst og kvardagsliv.

                            Pére Lachaise

     

Døden er grøn og varm

                           som tidleg april søndag
dansar så lett

etter Chopins mazurkaer
og angrar ingenting
som spurven Edith Piaf
gløymer ikkje eit av
Guillaume Appolinaires kjærleiksbrev
til Lou som ho aldri fekk
og ho ligg heller ikkje her
men på Cimetière de Passy
Heloise og Abelard skilde i livet
sameina av døden
lik Amadeo Modigliani
og hans Jeanne
kven kan måla smerten i livet
når roen etterpå er så uendeleg
den tapte tida
som vi ikkje er på sporet av
likevel er der
djupt i Marcel Proust straum av ord
men tapt for alltid for Consuelo
Consuelo de Saint Exupery
som viskar navnet til sin vesle prins
skylt bort av Middelhavets bølger
og den fjerne lyden av fly
i stjerneklåre netter
ikkje Jim Morrisons ”The End”
men Francis Poulencs Gloria
og dei modige karmelittnonnene
frå Compiegne
som med freden frå den andre sida
steig opp på skafottet
og så desse syttitusen andre
som er borne ut av tida
men enno viskar navna til sine
som ikkje skal høyra det
for snart er også dei viska ut
og berre vinden i trekrunene er att
men i dag er døden mild
ingen siste fiende
ingen fredlaus motstandar
-         eit mjukt drag over kinnet
så djupt
så grønt.


 Gravplassen til Frederic Chopin, der det alltid ligg nye blomar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar