søndag 1. juli 2012

Chapelle Saint Pierre

29.juni er minnedagen for Peter og Paulus.
I  landsbyen Villefranche-sur-Mer litt aust  for Nice er det det eit lite kapell via til apostelen Peter, som i tillegg til å bli rekna for Kyrkjas første pave også er skytshelgen for fiskarar. Kapellet er frå 1600 tallet men var etter kvart til nedfalls, og vart nytta som lager for fiskegarn. Multikunstnaren Jean Cocteau(1889-1963) budde på det nærliggande hotellet "Welcome". Det var snakk  om å restaurera kapellet, og ein ven kjem under eit måltid med forslaget:"Mais il faut decorer cette chapelle, Jean!" (Men dette kapellet må utsmykkast, Jean!)
Jean Cocteau har lenge hatt dette i tankane og set i gang med arbeidet i 1957. Han fyller veggene i det vesle kapellet med bilete frå apostelen Peters liv saman med lokale skildringar frå Villefranche-sur-Mer. Det blir eit heilt spesielt kunstverk der apostelen Peter framstår som det svake mennesket han var samstundes som han var den klippa kyrkja vart bygd på, og alt dette i ein samanheng der han er den som særleg held si hand over dei fattige fiskarane.
Kapellet er museum og turistattraksjon, men ein gong i året 29. juni, vert det feira messe her til minne om St. Peter. Tilfeldig eller ikkje kjem vi her like før, og får delta saman med fiskarar, marineoffiserar og offisielle representantar for byen. Minneverdig!


Alterpartiet i kapellet St.Pierre.


Frå inngangspartiet med havna i bakgrunnen.

Antifon til vesper: Du er Peter, og på denne klippe vil jeg bygge min Kirke.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar