«Why millions are flocking to pope LeoXIV - and returning to the Catholic Church» spør tidsskriftet National Catholic Register. Er det i såfall eit teikn på at den religionslause sekularismen er i tilbakegang? Heilt frå Opplysningstida på 1700 talet og ikkje minst under Den franske revolusjonen, vart det hevda at religion var noko forelda og gradvis kom til å forsvinna i det moderne samfunnet. Enno tydelegare vart dette under kommunismen der truande vart forfølgde og tildels lei martyrdøden. I etter krigstida har vi også sett at religiøs praksis har vore i tilbakegang, færre møter til gudsteneste, dei døyper ikkje barna og vel ikke religiøs giftermål og gravferd. Dette har vore mest tydeleg i protestantiske land, men har etter kvart også omfatta tradisjonelt katolske land som Irland, Frankrike og Spania. Også i det sterkt katolske Polen byrja ein å sjå denne tendensen. Artikkelen tek utgangspunkt i pavens reise til Sør- Amerika i november der han vitja Uruguay, Argentina og Peru, overalt vart paven motteke av fleire millionar truande både langs reiseruta hans og til messe og vigilie. Paven Leo har sterk appell ikkje minst til dei unge. Det blir av fleire hevda at han er den mest populære leiaren i verda i dag!
Eit annan tendens det også blir peika på er den sterke auken i vaksne som søkjer Kyrkja og blir døypt. Vi har sett det i mange europiske land og i dei fleste bispedømme i USA. I Frankrike var det sist påske 22000 som vart døypt, ein tredobling frå ti år tilbake. Vi ser det også i Norge, antall deltakarar på troskurs som førebur til opptak i Kyrkja har auka markert. Ein kan koma med psykologiske og sosiologiske forklaringar, og konkludera med at det er naturleg at usikre og engstelege unge menneske søkjer det som er varig og stabilt. Som katolske kristne trur vi at det er noko meir, vi trur at ein lengt etter Gud er lagt ned i oss og ikkje noko jordisk kan tilfredsstilla denne lengten. Å ta imot Gud er det einaste som kan fullbyrda det som våre liv, vårt ego er tiltenkt. “ Det er noko i meg som er meir meg sjølv enn eg” skriv filosofen Jaques Maritain.
Eit anna fenomen som denne artikkelen ikkje tek opp er dei mange unge helgenkandidatar vi har sett dei siste åra. I fjor vart Carlo Acutis og Pier Georgio Frassati heilagkåra, men det er fleire etter dei fødd på 1990 og byrjinga av 2000 talet.Clare Crockett( 1982-2016)frå Nord-Irland, Marco Gallo frå Italia, Gilda Gersosimo(2004-22) frå Italia, Joe Wilson ( 1994-2011) frå Skotland, Elena Calero (1990- 2014) frå Spania, Pedro Ballistar(1996-2018) frå England, Gianluca Firetti ( 1994-2015), Maria Eduarda Nogueira (2007-2025) frå Brasil og no for eit par dagar sidan Maria Middleton (2002-2020) frå Pennsylvania i USA. Den Heilage Ande sender helgenar når Kyrkja treng det mest!

As Leo exhorted the faithful at his Nov. 13 Mass in Chiclayo: “The world is waiting for us and the mission is only beginning.”
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar