The Urge to Travel long Distances - Denne trongen til å reise langt er ei diktsamling av Robert Bly utgjeven i 2005, eg fann henne på Mammut-salget! Omsetjing ved Odd Goksøyr, men heldigvis også med orginal teksten på engelsk. Robert Bly (1926 -2021) amerikansk poet, essayist, omsetjar, samfunnsdebattant og aktivist. Han hadde norske aner (Bleie i Hardanger), hadde opphald i Norge og omsette frå såvel norsk som svensk og dansk. Han var god ven med Olav H. Hauge og Tomas Tranströmer. Han var rotfesta i Minnesota og budde der det meste av livet, men han var og internasjonalt orientert som tittelen på denne diktsamlinga viser til. Diktinga hadde referansar til såvel verdslitteraturen som til gamle myter og religiøse skrifter. Han hevda og at poesien ikkje berre er ord, meining, intelektuelle uttrykk, men og det fysiske og kroppslege. Det kom tydelege til uttrykk når han på scenen framførte eigne dikt. Mot slutten av livet dukker det ikkje uventa opp dikt om død, tap og sorg, men med eit forsonande og ofte leikande og humoristisk preg. Før han blir for prega av demens seier han følgjande:
" Robert, du har kasta vekk så mykje av livet der du sat inne og skreiv dikt. Ville du gjera det igjen ? Eg ville, ja tusen gonger."
Spring Night
Tonight, after riding, and translating a few poems
from the danish,
I sawed off wild shoots from the box elder trees.
In the spring night we are not content to be home.
we have urges to travel long distances in the misty dark.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar