lørdag 8. mars 2025

Dei heilage Perpetua og Felicitas

 7.mars feirar vi minnedagen for dei heilage Perpetua og Felicitas som lei matyrdøden denne dagen sannsynlegvis i år 203. Perpetua var fødd inn i ein adelsfamilie der mor var kristen men faren heidning.Ho var gift og hadde eit barn på eit par månadar som ho amma då ho vart arrestert saman med sin jamnaldrande slace Felicitas og fire menn. Felicitas fødd ei datter like før dei vart martyrar på stadion i heimbyen Kartago. Keiser Septimus Severius var først positiv til dei kristne men sette seinare i verk forfølgingar. Alle dei seks var katekumener fast overtydd om si kristne tru. Historien om desse martyrane er noko av det som er best dokumentert frå denne tida, dels er det skreve av Perpetua sjølv dels av andre etter deira død. Ho skriv om fleire visjonar i dagane før døden,der ho ser for seg eigen lagnad. Ho ser seg sjølv gå inn til Himmelen på ein stige, og ein annan gong ser ho for seg at ho trampar på Satans hovud. Då dagen er komen for martyriet går dei inn på stadion der villdyra venter “ med muntre, tapre miner som om dei var på veg til Himmelen.” Dei blir ikkje drept av villdyra, men måtte henrettas med sverd. Historien om Perpetua og Felicitas spreidde seg på kort tid over heile Nord-Afrika og vart lest opp i kyrkjene. Deira navn kom etter kvart inn i den romerske kanon der vi i messa minnest dei saman med apostlane, andre martyrar og alle heilage menn og kvinner.




Heilage Perpetua og Felicitas be for oss!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar