torsdag 13. mars 2025

Kvinners plass i Kyrkja

 Debatten i Vårt Land med utgangspunkt i teolog Gyrid Gunnes innlegg med overskrift:"Et syn som har gått etisk konkurs" med hentydning til det katolske  synet på prestedømet.


Det store skilje mellom katolsk og protestantisk syn på prestedømet og ekteskapet er at Den katolske kyrkja ser på dei som sakrament, og såleis ikkje utan vidare kan bli endra gjennom fleirtalsvedtak. Det blir difor korkje kvinnelege prestar eller likekjønna ekteskap i overskodeleg framtid. Ein står fritt til å meina kva ein vil om dette, men det blir sjeldan ein fruktbar dialog.

Då er det meir interessant å sjå på kvinnas stilling i Kyrkja gjennom historia fram til i dag. Det trengst eit tydeleg og  meir kvinneleg nærvær i Kyrkja har pave Frans uttalt. Han har heller ikkje lete det vera med ord, men har utnemnt fleire kvinner til leiande stillingar i Vatikanet. Det kjem ikkje fram i norske media men 1. mars i år vart Sr. Rafaella Petrini (f. 1969) historisk i det ho vart utnemnt til president for Vatikanstatens guvernorat, dvs. ho har det høgste ansvaret for dagleg drift. Det er ein stilling som berre kardinalar har hatt tidlegare, no må dei retta seg etter ein kvinneleg sjef! I fjor haust fekk Sr. Simona Brambilla ein tilsvarande leiarstilling. Frå knapt nokon posisjonar for eit par tiår sidan, har kvinner no godt over 20% av stillingane  i Vatikanet. Vi vil ikkje få kvinnelege prestar, men vi kan få sjå at eit fleirtal  av leiande stillingar i Vatikanet er fylt med kvinner ? Dette gjeld også på lågare nivå som bispedøme og lokale sokn. Eg har ikkje statistikk på det, men inntrykket er at kvinner står for storparten av arbeidet i sokneråda. Ein kan naturlegvis sjå dette  som eit steg mot likestilling, i tillegg får ein ofte betre struktur på ting med kvinnelege leiarar !

Ei interessant problemstilling er om det kvinneleg har ein tydelegare plass i katolsk enn i protestantisk kristendom trass i ulikt syn på prestedømet ?  Kva rolle spelar isåfall  Maria og dyrkinga av kvinnelege helgenar ? Var det mest negative ved Reformasjonen at vanlege kvinner og menn i Nord-Europa vart fråteke Jomfru Maria ? Det kvinnelege har vore der heile tida trass i at Kyrkja frå utsida sett  har vore mannsdominert, både Den katolske  og dei protestantiske. Frå kvinnene ved Jesu grav, via kvinner som Lydia i Apostelgjerningane, vidare Mellomalderens sterk kvinner som Birgitta, Katarina og Teresa til moderne tid med ein andeleg fonyar  og kyrkjelærar som Thérèse frå Lisieux for til slutt i vår tid å gje oss helgenkandidatar som nordirske Clare Crockett (1982 -2016)som har inspirert  tusenvis av unge. Sjølvsagt og  dei mange tusen ukjente kvinnene som har bore Kyrkja gjennom gode og onde dagar, både legfolk og ordenssøstrer. Kanskje det kan bli ein meir fruktbar diskurs enn eit einsidig fokus på presterolla ?

 

                                            Maria alteret i St. Olav domkyrkje i Trondheim

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar