lørdag 1. februar 2025

Nicaragua - eit brutalt diktatur

 Eg har nyleg skreve om karmelitt- nonnene frå Compiégne som nyleg vart heilagkåra av pave Frans. Dei vart offer for forfølgingane under Den franske revolusjonen, i 1790 vart dei tvungne ut av klosteret sitt, fire år seinare lei dei martyrdøden. Historia gjentek, for to dagar sidan vart St. Klara nonnene i to kloster i Nicaragua på kort varsel jaga ut av klosteret sitt.Dei 30 nonnene i Managua og Chinandega fekk bare ta med seg det mest nødvendige før representantar for styresmaktene tvinga dei ut av klosteret deira. Dette er ikkje noko nytt, sidan 2018 har det vore meir enn 1000 dokumenterte åtak på kristne spesielt Den katolske kyrkja i dette vesle og fattige Mellom- amerikanske landet. På 1980 talet var det mange som såg opp til sandinistregimet i Nicaragua og deira mål om eit sosialt rettferdig samfunn. Seinare har det som så ofte før utvikla seg til eit brutalt diktatur under president Daniel Ortega. Dette har særleg gått utover Den katolske  kyrkja som er det største kyrkjesamfunnet, men òg protestantisk kyrkjer og andre frivillige organisasjonar 

Sidan 2018 har 245 geistlege inkludert fleire biskopar blitt utvist frå landet. I desember i fjor kom ein regjeringsordre om at at alle nonner skulle forvisast  og deira eigedom konfiskert! Forbodet mot religiøse organisasjonar har spesielt gått ut over det hjelpearbeidet som blir utført blant dei fattigaste. I utgangspunktet var det ikkje eit konfliktfylt forhald mellom Kyrkja og sandinistregimet. Mange  geistlege støtta revolusjonen, den meste kjente er vel Ernesto Cardenal som sat i regjeringa ein periode. Det vart sterkt kritisert av pave Johannes Paul som ikkje såg med blide auge på at geistlege engasjerte seg politisk i marxistisk inspirerte rørsler.Seinare har det gått frå vont til verre.Nyleg vedtok nasjonalforsamlinga ei grunnlovsendring som gjev president paret Daniel Ortega og Rosario Murillo  full kontroll over statsapparatet!


Be for dei forbølgde i Nicaragua og resten av verda!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar