mandag 10. februar 2025

Tre favoritter - Kvinnelege dirigentar

 



Tre favoritter: Kvinnelege dirigentar

1.      Maja Flagstad (1871 -1958) kom frå ein musikalsk familie og vart  tidleg aktiv i hovudstadens musikkmiljø. Ho var pianist og akkompagnatør, kordirigent og kapellmeister. Store deler av livet var ho aktiv som songpedagog også for sine to døtre som begge vart operasongarar. Den eldste var den verdskjente sopranen Kirsten Flagstad. Dei to sønene vart og musikarar lik foreldrene og søstrene.

2.      Nadia Boulanger (1887-1979) vart fødd i Paris, faren Ernest Boulanger gav henne tidleg musikkundervisning og ho viste seg å ha eit uvanleg og mangesidig musikalsk talent. Gjennom eit langt liv verka ho som pianist, organist, komponist, dirigent, forskar og pedagog. Ho var den første  kvinna som dirigerte dei store symfoniorkestera i Europa og USA. Men det var som pedagog ho gjorde sin største innsats, fleire hundre komponistar og musikarar har hatt  henne som læremeister !

3.      Tabita Berglund ( 1989 -) Å leia store orkester var inntil nyleg noko som berre menn fekk driva med. Men dei siste tiåra har det kome til ei rekkje yngre kvinnelege dirigentar som ikkje står tilbake for sine mannlege kollegaer. Ein av dei er  Tabita Berglund  frå Trondheim, først utdanna til cellist, men vart så fascinert av dirigentrolla at ho også tok dirigentutdanning. Det var ikkje eit dumt val, ho har seinare  hatt ein strålande karriere både i Norge og internasjonalt.



Innlegg i Dag og Tid 7. februar




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar