fredag 10. januar 2025

Kvinner i Vatikanet

 Sr.Simona Brambilla er ei italiensk fødd ordenssøster som tilhøyrer Consolata - misjonærene. Ho har  bakgrunn som sjukepleiar og har vore misjonær i Afrika. Ho har også studert psykologi og undervist i det på det pavelege universitet, institutt for psykologi, om kort tid fyller ho 60 år. Sr.Simona har nyleg fått fokus på seg avdi pave Frans har utnevnt henne til prefekt for Dikasteriet for institutter for konsekrert liv og selskaper for apostolisk liv. Dette er første gong ei kvinne får ein slik leiande stilling i ein av Vatikanets organisasjonar. Dette er ein stilling der stort sett bare kardinalar og biskopar har blitt utnevnt til i ein tradisjonelt mannsdominert organisasjon. Sr. Simona har fleire års erfaring i dette dikasteriet der ho dei siste åra har fungert som sekretær. Men ho er ikkje åleine, pave Frans har sidan har overtok pavestolen utnevnt mange kvinner til stillingar i ulike institutt og dikasteri, dei fleste ordenssøstre men også legfolk. Andel kvinner i Vatkanets organisasjonar er no godt over 20%. Paven har uttrykt at det trengst « eit meir tydeleg kvinneleg nærver i Kyrkja», utnevninga av Sr. Simona til prefekt er eit viktig steg i denne retninga.Paven understrekar og kor viktig Maria er for Kyrkja, for å få fram hennar eige kvinnelege ansikt  og meir tydeleg kvinna, Jomfru og Mor, som er modell og fullkome bilete. Slik gjer ein rom for kvinner og blir kreativ gjennom pastoralt arbeid og prega av omtanke og omsorg, tolmod og moderleg mot.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar