søndag 1. september 2024

Om tru og tvil

 Den spanske filosofen og forfattaren Miguel de Unamuno ( 1864 - 1936) står i den eksistensialistiske tradisjonen etter Pascal og Kierkegaard. Men ulik Kierkegaard som med alle sine verk fell inn i den same kjede av premiss, er det motsatt med Unamuno. Han var ein produktiv forfattar med ei rekkje verk innan ulik sjangrar som spriker i ulike retningar. Men det er tre verk som vi kan sjå i samanheng og som illustrerar den same eksistensialistiske tematikk, det er dei filosofiske verka « Om den tragiske livsfølelse» og « Kristendommens agoni» dessutan den vesle romanen « Martyren, den gode San Manuel». Det tragiske oppstår i motsetnaden mellom tru og fornuft, mellom hjernen som seier nei og hjertet som seier ja. Vi ber i oss ein grunnleggjande lengt etter å vera udøyelege, men fornufta får oss til å tvila. Kanskje er der ingenting og denne angsten for La Nada er det som plager Unamuno. Tru og fornuft blir for han fiendar på grunn av motsatte interesser, dei kan ikkje forsonast og trekkjer i to retningar mot væren og inkje. Men kanskje kan fornufta nytta sin skeptisisme på seg sjølv og dermed bli kasta ned i den avgrunnen der kjenslenes fortviling møter fornufta som har strekt seg utover sanninga. Det er Kierkegaards « det objektive uvisse» der ein har kasta seg ut «paa de 70.000 Favne Vand og dog tror.»

Eg les omigjen « Martyren, den gode San Manuel» som eg las for mange år sidan. Kort fortalt handlar den vesle romanen om landsbypresten Don Manuel, ein tilsynelatande from og oppofrande mann som landsbyens innbyggjar ser på som ein helgen i levande live. Boka er ført med stemma til Angela Carballino som er hans andelege datter, og som kjenner til det tragiske livskjensla presten ber på. Han har tapt trua og kan ikkje lenger forestilla seg eit liv utover døden. Redsla for inkje - La Nada er det einaste han har att. Likevel held han  fram med å preika evangeliet, feira messe og høyra skriftemål med slik styrke og innleving at han vert sett på som ein heilag mann. Don Manuel kan ikkje ta livsgleda frå desse enkle menneska , for dei vil ikkje tola å høyra sanninga! Men kva innebær det eigentleg å ikkje tru, tviler ikkje vi alle meir eller mindre? Ein annan stad skriv Unamuno:« Nåvel, la oss leve dette forgjengelige liv, for det finnes ikke noe annet, mumler tausheten i denne kroken til ham:«Hvem vet?» Den døyande presten taler til Angela:«Du Angela, du skal alltid fortsette å be, be for oss syndere, at vi helt inn i døden skal drømme om kjødets oppstandelse og det evige liv….»

Miguel  de Unamuno vaks opp i ein from katolsk familie, og hadde tenkt på  ein livsveg som prest, men han valgte sin store kjærleik Conca som han gifte seg med i 1891. Seinare kom han på kant på Kyrkja,  og  det vart advart mot romanen, men den vart ikkje satt på index slik hans filosofiske verk. Etter å ha lest boka pånytt kan eg på ingen måte sjå at ho kan truga trua, kanskje tvert om . Eg vel å gå vidare til Pascal  som og var hans inspirator og Forfattaren og nobelprisvinnaren Francois Mauriac som skriv om si gjeld til Pascal. ( forts)



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar