tirsdag 17. september 2024

Pave Frans om litteratur

 « Det beste forsvaret for litteratur eg har lese» seier nobelprisvinnar Jon Fosse om pave Frans brev frå juli i år der han tek for seg kva nytte vi kan ha i vår personlege modning av å lesa god litteratur. Brevet var opprinneleg tiltenkt unge prestekandidatar, men paven skriv innleiingsvis at det og må angå alle engasjert i pastoralt arbeid, ja faktisk alle truande. Han oppmodar alle til å lesa såvel romanar som poesi, og understrekar at å lesa ei bok krev større personleg engasjement i motsetnad til audio- visuelle media. Litteraturen gjer det reflekterande rommet større, og ein let seg kanskje ikkje så lett lura av « fake news» som blir spreidd digitalt kommenterar Fosse. Paven meiner og at litteratur er viktig for at truande kan engasjera seg i samtidskulturen, og ikkje minst setja seg inn i andre menneskes erfaring.

Paven dreg fram eigne erfaringar, som ung lærar på ein jesuitt- skule brukte han medvite litteratur i undervisninga.Her trekk han og fram sin landsmann den store forfattaren Jorge Louis Borges som fortalte sine studentar at det  viktigaste er rett og slett å lesa, å gå i direkte kontakt med litteraturen, å fordjupa seg i den levande teksten ein har framfor seg, framfor å bli opphengt i idear og kritiske kommentarar.

Han går og inn på det meir spesifikte religiøse når han skriv at litteratur kan gjera framtidige prestar meir kjenslevare for det fullt menneskelege i Herren Jesus. Slik kan dei og formidla det som Det andre Vatikankonsilet uttrykkjer : « det er bare i mysteriet om Ordet som vart kjød at mysteriet menneske kan bli klart fullt ut.» Det er ikkje noko fjernt og abstrakt, men det konkrete livet til alle menn og kvinner med deira sår, ønskje, minne og voner.

Paven refererar vidare til ulike forfattarar både truande og ikkje truande. T.S. Eliot, Marcel Proust, Jean Cocteau, Jacques Maritain, teologar som Ignatius, Karl Rahner, Basileos av Caesarea. Han avsluttar med eit sitat av den tysk språklege jødiske poeten Paul Celan:« Dei som verkeleg lærer å sjå, kjem nær det som er usynleg.»

« Eg er stolt av å tilhøyra ei kyrkje med ein øvste leiar som tenkjer så klokt om litteratur.» seier Jon Fosse, og eg kan slutta meg til det!

 


2 kommentarer:

  1. Så fint! Jeg lurer på å konvertere, og leser og lærer om ulike sider ved den katolske tro. Blant annet nærmer jeg meg forsiktig paven, så dette var fint å lese. Jeg leste noe foruroligende her om dagen, som jeg lurte på om du ville komme, fra pavens reise i Singapore, der han i en tale til ikke-katolske barn, uttaler at alle religioner er veier til Gud, de er som forskjellige dialekter.
    Dette gav meg et solid dytt tilbake, for for meg står det i grell kontrast til Jesu egne ord om at ingen kommer til Faderen uten ved Meg..
    Det står ganske langt nede i denne artikkelen: https://www.katolsk.no/nyheter/2024/09/paven-i-singapore
    Håper du kan svare noe på dette, for det skremte meg litt.
    Hilsen undrende

    SvarSlett
    Svar
    1. Som jeg lurte på om du ville kommentere, skulle det stå..

      Slett