tirsdag 3. september 2024

Meir om tru og tvil

 Blaise Pascal seier ein stad: « Oppfør deg som en troende, ta vievann, gå til messe, og du vil ende som en troende.» Ein form for sjølvsuggesjon vil nokon hevda, men og eit uttrykk for viljens og vanens omskapande kraft. Likevel fjernt frå Unamunos San Manuel, hos han er det ingen samanheng mellom sanning og handling. Han forkynner Guds ord om det evige liv, men det er ikkje det han oppfattar som. sanning. « Il faut s’abetir» seier Pascal vidare, det er naudsynt å bli dum, eller kanskje å bli som eit barn med barnets avgrensa fornuft?

Eg går til Francois Mauriacs « Min tro» som han dedikerte til sine barnebarn når dei fylte seksten år. Han skreiv boka mot slutten av livet, og ho kom på norsk i 1970. Eg har med ujamne mellomrom vendt tilbake til Mauriacs skildring av kvifor han likevel heldt fast ved den trua han var vaksen opp i. Han innleiar boka med følgjande utsagn:« Hvor ofte har ikke mennesker kommet til meg og hyklet misunnelse: Så lykkelig du må være som tror på et evig liv! Som om troen bestod i å eie en sikkerhet grunnet på evidens. Troen er en dyd - en av de tre som er rettet mot Gud, og den nevnes før håpet og kjærligheten. Ordet dyd antyder at troen krever bruk av viljen, den standhaftige og møysommelige vilje.» I utgongspunktet var ikkje trua noko han ville, for han var fødd og oppdratt innanfor ein religion han lærte å praktisera. Likevel må viljen ha kome inn på eit nokså tidleg tidspunkt, « sammen med de første trosanfektelser og den første tvil.»  Denne viljen var næra av ei kjenslemessig tiltrekning, men og av den hjelp han erfarte å få gjennom bøna og sakramenta.Lenger ute i boka understrekar han dette: « Ikke for noe i verden ville jeg gi avkall på de sakramenter som den romerske kirke gir meg del i. Den er de facto for meg en livskilde og har i mine øyne sin historiske hjemmel i tekstene, også de eldste, nemlig Paulus brev.»

« Min gjeld til Pascal» er tittelen på ein av dei siste kapitela, men Pascal er med gjennom  heile teksten, og  han vedgår at han for ein stor del kan takka Pascal for å ha stått i mot rasjonalismen og « kjødets dunkle krefter.» I fjor markerte vi at det var 400 år sidan denne geniale vegleiar såvel innan vitskapens rasjonalitet som i den andelege sida ved tilværet vart fødd. Han er framleis aktuell som eg tidlegare har skreve meir utførleg om. Det høver å avslutta med Mauriacs ord til sin store landsmann: «  Ilden fra en eneste natt i Pascals liv er nok til å opplyse oss hele livet igjennom og i likhet med barnet som nattlampen beroliger i et rom fyllt av skygger, kommer vi til å sove uten frykt, takket være denne ild.» 




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar