mandag 1. januar 2024

Nyttår og poesi

 Første nyttårsdag og overgang til eit nytt år 2024. Verdssituasjonen maner ikkje til optimisme, kanskje må ein då finna ei trøyst i poesien? Asbjørn Aarnes som eg nyleg skreiv om, og som ville fylt 100 år i fjor, kom i 2012 med boka « 52 norske dikt….. forutan dagklår visse.» der han har med dikt av 52 sentrale norske poetar frå Henrik Wergeland til Ronny Spaans. Han har korte presentasjonar av desse 52 som nok har vore viktige for han personleg, ikkje minst Emil Boyson som han har med to dikt av « Vindu i februar» og det djupt eksistensielle « Rast ved rinnende vann».

« Trett er vort hjerte ikke ,

men dagen er blitt kveld.

Vi stanser.Gjennom vor taushet

toner vannenes væll.


Vi hører i elve - susen

at evigheten er nær.

Vi fødtes til jorden. Vi møttes.

Vi hadde hinannen kjær.


Om litt kan vi intet høre

- dette er Alt vi vet.

Vannet skal videre bruse

gjennom all evighet.»


Fleire av dikta rører ved noko av det same, vi har inga dagklår visse om tida - åra som ligg framom oss, livet i det heile. Ordet er henta frå Tor Jonssons dikt « Så stig då i meg, einsemd» der han skriv « Mitt liv var draum forutan dagklår visse.» Men vi veit at dette livet, denne røyndomen ikkje er varig som Ivar Aasen skriv i “ Sumarkvelden”:

“Det kjem ein Dag, daa kvar ein Blom, som bider,

er fallen av ; og slikt eit Fall er stort.

Di skal eg sjaa Blomen, fyrr han blaknar,

Og nøyta Sumarn, fyrr eg honom saknar.»

Røyndomen er heller ikkje så lett å forstå, « Jeg ser, jeg ser….Jeg er visst kommet på feil klode! Her er så underligt….» skriv Sigbjørn Obstfelder. Eller Inger Hagerup som skriv : « Jeg satt i en båt og ble rodd mot  havet av en som er blind.» Han har og med Olaf Bull som avsluttar diktet «Stenen» med: 

« Men drømmen forblev i mitt hjertes natt;

fra ungdom til moden alder

søgte mitt sinn forgjeves at gribe

den sten som bestandig falder - »

Denne uroen vi ber på, denne « vokeverken» kva kan stogga og lindra den som Olav Nygaard spør?   Kanskje er vi heldige og som Olav Aukrust erfarar :

« Jordi sprengde sin drake - ham,

eg tykte ho skein forklaara

og sumde som skinande svane fram,

ja, frigjord og sigerskaara.»






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar