lørdag 20. januar 2024

Magnus lagabøters landslov

 Norge er eit lov- land, nasjonaldagen er til minne om at vi fekk ei grunnlov på Eidsvoll i 1814, lovgjevingsprosessen er open med mange høyringsinstansar og folk har generelt stor tiltru til lovverket og rettssystemet! Det har naturlegvis ikkje alltid vore slik, i det gamle ættesamfunnet var det opptil den enkelte å ta seg til rette berre støtta av ætta, det eksisterte ingen sentral statsmakt som gav lover og dømde i rettssaker. Den moderne rettsstaten vaks gradvis fram, men enkelte hendingar og personar gjorde til at ein samfunnet  brått vart flytta fleire hakk framover med hensyn til lov og rett. I år feirar vi 750 års jubileum for Magnus Lagabøters landslov, og såvel bøker som arrangementer er planlagt i samband med dette jubileet. Eg trur nok mange opplever at dei har lite kunnskap om denne kongen og det han utretta i siste halvdel av 1200 talet, iallfall hadde underteikna berre fragmentarisk kunnskap om denne delen av norsk historie! Rettshistorikar Jørn Øyrehagen Sunde kom nyleg med ei bok om kongen og landslova han skapte, « Kongen, lova og landet». Boka er grundig og informativ, og gjev kunnskap om politisk historie på 1200 talet, tidlegare lover, prosessen med å forma lovsamlinga, og vi møter og denne fromme og handlekraftige kongen, rett nok med forbehald om at ein har relativt lite kunnskap om han.

Magnus var son til Håkon Håkonson ( Håkon 4.) og var eigentleg ikkje tiltenkt kongekruna, men då den eldre broren Håkon ung og sonen hans Sverre døydde, var det Magnus som stod lengst framme i arverekkja. Etter det turbulente 1100 talet med borgarkrigar var 1200 talet fredelegare og kong Magnus var definitivt ein fredeleg og svært from person, som prioriterte  lovarbeidet framfor krigføring. På byrjinga  av 1200 talet kom fransiskanar munkar til Bergen, og sannsynlegvis fekk Magnus si utdanning hos dei. Der fekk han også sjå baksida av samfunnet, dei kronisk sjuke og fattige, dette kom til å prega  grunntanken i Magnus si lovgjeving. Kanskje var han fransiskanar i sitt indre festen av livet. Han nytta seg seinare av fransiskanarmunkar som utsendingar for å forhandla fram fredsavtalar med England og Skottland. Karakteristisk for den fromme kongen som såg seg som Guds ombudsmann på jorda, er at han i sitt testamente tilgodesåg almisser til dei fattige. Han og dronninga Ingeborg vart og gravlagt i fransiskanarkyrkja, ikkje i  hovudkyrkja ved Håkonshallen.

På 1200 talet hadde Norge vorte ein del av den kristne, europeiske kulturen, folk reiste nedover Europa for å studera eller dra på pilegrimsreise, det var og diplomatisk  samband og giftarmål mellom dei europeiske fyrstehusa. Søster til Magnus Kristin  vart i 1257 gift med ein prins i Castilla som ledd i å knyta eit tettare samarbeid med kong Alfons 10. Eit stor følge reiste med Kristin , mellom dei og fleire som vart sentrale i arbeidet med Magnus lovarbeid. Castilla vart kome langt i å utarbeida eit lovverk, og nordmennene fekk med seg nyttig kunnskap om dette. Landslova var på mange måtar unik i europeisk samanheng, berre i tre andre land var det noko tilsvarande. Magnus såg seg kalla av Gud, og i landslova kjem det nye menneskesynet klårt fram. Alle menneske er skapt av Gud  og har verdi, også dei fattige og utstøtte. Det vart ein klårare skilje mellom rett og makt, ein kunne ikkje lenger ta seg til rette med hevn etter eige hovud. Dei første rettane for fattige og arbeidsuføre kom på plass, dei hadde krav på hjelp gjennom  almisser og legdeordninga. Kvinner fekk og betre rettsvern, dei kunne ikkje lenger giftast bort mot sin vilje. Dei fekk og arverett, rett nok mindre enn mennene. Lova stod heller ikkje lenger fram som elitens maktmiddel, det vart og rom for skjønn når ei bokstaveleg bruk av lova gav eit urimeleg resultat. Då skulle ein dømma slik at ein kunne svara for Gud på dommensdag.

Landslova vart kopiert i mange eksemplar og spreidd utover landet, sannsynlegvis eit eksemplar for kvar 11-1200  innbyggjar. Slik sett kom lova til å få stor innverknad på ettertida og vart først avløyst av Kristian 4. lovverk på 1600 talet. I følgje Jørn Øyrehagen var Magnus lagabøters  landslov som vi no skal markera, radikal og framtidsretta og la det første grunnlaget for moderne statsdanning og det rettssamfunnet vi  har idag!


Prolog til Landslova frå Codex Hardenbergianus

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar