søndag 16. juli 2023

Vår Frue av Karmelberget

 I dag 16 juli feirar vi minnedagen for Jomfru Maria av Karmelberget eller Vår Frue av Karmelberget som dagen og vert kalla. Opphavet til dagen må vi gå tilbake til 1251 for å finna. 16. juli det året skal Den heilage Simon Stock ha hatt ein visjon av Jomfru Maria der ho gav han eit brunt skapular. Skapularet ( scapula - skulder) er eit langt skulderstykke som blir bore som ein del av den karmelittiske ordensdrakta. Simon Stock grunnla eit brorskap som seinare utvikla seg til den karmelittiske tredje orden, i dag kjent som det sekular- karmelittiske fellesskapet. Sekular- karmelittane ber eit enklare form for skapular, to små tøylappar med bilete bunde saman med ei snor. Det blir vanlegvis bore under dei vanlege kleda. Skapularet er ei påminning om at vi i dåpen er blitt ikledd Kristus og er blitt frelst,  men det er og eit vitnesbyrd om at Karmels orden på ein særskilt måte står under Jomfru Marias vern.


Skapularet på bilete frå ei Karmelitt kloster ved Karmelberget. Gåve frå ein ven.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar