søndag 4. desember 2022

Cape Town

 Tilbake etter to veker i Cape Town, rik på inntrykk og opplevingar! Ikkje minst var det spesielt å stå på dei plassane der min oldefar Abraham Nilson og min grandonkel Johan (John) oppheldt seg for snart 130 år sidan, Rosebank med Rosebank Match Factory, Regents street no 2 i Woodstock der min grandonkel budde då han omkom i ei arbeidsulukke i Mechau street og blei bragt til New Sommerset Hospital.

Reisa tok til onsdag 18. oktober 1893, sannsynlegvis drog dei tidleg om morgonen med DS Folgefonden  frå Jondal til Stavanger der dei kom fram om kvelden. DS Folgefonden gjekk i rute for HSD frå 1883 til 1908. då skipet gjekk skipet på grunn 22.august ikkje langt frå Skånevik, 26 menneske omkom. Det er eit minnesmerke  over  denne tragiske ulukka ved ferjekaien på Skånevik.

Laurdag 21. oktober om kvelden går dei ombord i DS Juno med kurs for Hull der dei kjem fram om føremiddagen 24. oktober. Til London kjem dei med tog kl elleve om kvelden, og blir der i to dagar til dei 26. oktober dreg vidare til Southhampton der skipet til Cape Town lettar ankar laurdag 28. oktober kl 10 (klarte ikke tyda navnet på skipet) Onsdag 01. november er dei på Madeira, to dagar seinare passerar dei Cape Verde. Til Cape Town kjem dei i midten av november, 16. november er oldefar på plass på arbeidsplassen Rosebank Match Factory. Reisa frå England til Sør- Afrika tok omlag 20-21 dagar på 1890 talet! Han sender kvart kvartal  pengar heim, det første året 69 pund som nok er nok for familien å leva for !  Det er tolv år til han dreg attende til det velse huset i Jondal, Johan er att i Woodstock, der han døyr i ei tragisk ulukke januar 1920.

Poetisk tekst om mine forfedre frå ein del år tilbake:


Septembermorgon

mild vind mognande eple

det første gule lauvet

om litt oppbrot

eit brev bar over havet

du gjer deg klar

ikke ulikt mange gonger før

og du veit kva som ventar

men ikke dagane og åra

ikkje djupet og bølgene

kva dreg deg

pliktkjensla arbeidet eller familien

rørsla av eventyr

dette andre stilt uerkjennbare

 Oktoberettermiddag

vinden i hår og skjegg

du lener deg mot rekka kveikjer pipa

lufta fylt med regn og adjø

femtenåringen ved sida di

mor og søsken mot fjella

og det første snøfallet på toppane

vinkande hender kvite lommetørkle

angen av sjø og tidløyse

havet som snart skal opna seg

lengtinga som lukkar seg over alle desse djupa

og eit nytt hjarta som alt bankar

dottera du først skal sjå

ein gong ut i det neste hundreåret

du anar ikkje dette

eller gjer du det

kjenner du uro og saknad framfor havet

eller bøyer du deg stilt

under lagnaden og eventyret

 Bølgene som aldri når horisonten

men havna i det fjerne landet

desse vekene med salt sjø og sol

ekvators uuthaldelege varme

minnet om regnfulle oktoberdagar ved fjorden

Värmlands djupe granskogar ein solblank junidag

Du syng viser og støttar deg på skrifta

på veg over dekket sonen din

femtenåringen augene vidopne og lysande

oktoberdagen fjern

horisonten og sol i zenit her og no

han snappar opp ord

talar med andre reisande

og bur alt i det nye livet

 

Ein morgon dei første teikn

på at målet er nær

snart skimtar de fjella

byen enno løynd under disen

når du entrar landgangen

og set beina på afrikansk jord for andre gong

er alt som før

nei du ber alt ein løyndom

om saknad og brev heim

oppbrot først om tolv år

sonen din står att

no ein vaksen mann solbrun og muskelsterk

du entrar på ny skipet

og skal aldri sjå han att

anar du det skjegget tårevått denne haustdagen

eller ein sjølvsagt del av di tid

som regnfulle oktoberdagar

og vinkande barn mot fjella

du støttar deg på Vår Herre

og djupet som sløkkjer alt tørst

men aldri gjev svar.

 

.


Huset i Jondal i dag, ikkje lenger i familiens eige


                                                 Huset oldefar bygde i  Jondal


                                     DS Folgefonden tek ombord passasjerar         
                                  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar