onsdag 7. desember 2022

Den heilage Charles av Jesus

 1.desember feirar vi minnedagen for Charles de Foulcauld ( 1858 - 1916) med kloster navnet broder Charles av Jesus. Han er ein av Kyrkjas ferskaste helgenar i det han vart kanonisert  i Peterskyrkja 15. mai i år. Det var ei heilagkåring som vart lagt merke til ikkje minst i Frankrike, også dei sekulære media hadde bilete av br. Charles på forsida i mai. Charles de Foucauld var ein heilt spesiell person som svært mange har late seg inspirera av. I si levetid  fekk han ikkje oppleva å grunnlegga ein orden, det skjedde først på 1930 talet då vi i 1933 fekk Jesus små brødre og seks år seinare Jesus små søstre. Desse ordensfolka lever i små grupper ute i verda og har ofte vanleg arbeid, blant vanlege folk, gjerne dei mest fattige og utstøtte. Slik sett prøver dei å verkeleggjera Charles de Foucauld ideal. Adelsmannen og offiseren, som etter ferminga glei vekk frå trua, men som alltid kjente på ein indre uro og lengt, og som bore av kusina Marie de Bondys bøner fann igjen den katolske trua! Ein tru som han levde ut på den meste radikale måten, først i trappistkloster i Frankrike og Syria, seinare som einebuar utanfor eit nonnekloster i Nasaret. Charles ville leva som Jesus levde i Nasaret, men heller ikkje dette var det endelege målet hans. Han  reiste etterkvart til Algerie og den vesle oasebyen Beni-Abbes som hadde ein fransk garnison. Her var han i fleire år, men heller ikkje her slo Charles seg til ro, han drog lenger sør til den aude plassen Tamanrasset i Sahara, heilt i utkanten av Algerie. Her ville han leva og vitna  om evangeliet blant  dei fattige tuaregane. Han vart høgt respektert og rekna som ein heilag mann av tuaregfolket.  Han lærte seg språket og arbeidde med å samla folkedikting dessutan konstruera ordbok og grammatikk på tuaregspråket. Men han vart verande åleine som katolikk her, lenge hadde han vona at andre brødre skulle slutta seg til han, men dette livet var nok for ekstremt for alle andre Men han er likevel lukkeleg, han opplever at han her har funne sin plass. Hans skriv meditasjonar og brev, og har sine vener  blant tuaregane.

"Eg lir ikkje av denne einsemda, eg synest den er svært mild og behageleg. Eg har det heilage Sakramentet, den beste av vener som ein kan tala med dag og natt, eg har Jomfru Maria og Sankt Josef og eg har alle helgenar, eg er lukkelege og glad, eg manglar ingenting."

1.desember 1916 vart broder Charles overfalt og drept av opprørarar,kanskje meir ved eit uhell enn som planlagt handling. Han blir likevel rekna som martyr.

Han vart saligkåra 13. nov. 2005 og heilagkåra 15.mai 2022, etter at ein bygningsarbeidar på ei kyrkje i Frankrike fall  ned frå eit stillas og normalt skulle ha mista livet, men på mirakuløst vis kom frå det . Dette vart rekna som eit mirakel på broder Charles forbøn.


Far

Jeg overgir meg til deg;

gjør med meg hva du vil.

Hva du enn gjør med meg,

så takker jeg deg.

Jeg er rede til alt,

jeg tar imot alt.

Bare din vilje skjer i meg

og alle dine skapninger,

ønsker jeg meg intet mer, min Gud.


Jeg overgir  min sjel i dine hender,

jeg gir deg den, min Gud,

med hele mitt hjertes kjærlighet


fordi jeg elsker deg

og min kjærlighet driver meg

til total overgivelse

uten forbehold:

å overgi meg i dine hender

i en uendelig tillit


for du er min far.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar