torsdag 6. oktober 2022

Retrett profeten Elias fraternitet

 Sist helg kunne vi igjen samlast til retrett i vår sekular-karmelittiske gruppe  etter to år med corona-restriksjonar. Sist var altså i karmelittklosteret Totus Tuus i Tromsø september 2019, åra i mellom synest berre å vera eit intermezzo, noko som ikkje heilt festa seg i minnet. Vi har etterkvart snart femten år sidan dei første initativ til gruppa vart gjort, og fra 2011 vart vi formelt ein karmelittisk fraternitet. Inpirert av den karmelittiske tradisjonen prøver vi å fordjupa oss i gudsrelasjon som vi som katolikkar alt har del i. Dette så vel på eiga hand som i fellesskap og ikkje minst den årlege felles retretten. Gruppa har auka og det var denne gongen fleire nye kandidatar som viste si interesse, det vart for liten plass i Tromsø og Katarinahjemmet i Oslo vart alternativet.Det vart på alle måtar fine og utbytterike dagar, p. Tien i Kristiansand var med oss som ein fullverdig erstatning for vår karmelittprest frå Sverige broder Jonas som framleis var forhindra frå å reisa utanlands.

Samtale, tidebøner, indre bøn, messe, felles måltid, og første oktober hadde vi gleda av å markera minnedagen for vår kjære helgen Therese av Jesusbarnet (Lisieux).

Undervegs fordjupar eg meg meir i Lourdes sjølv om det ikkje er ein del av den karmelittiske tradisjonen, eller kanskje er det det, den sterke Maria vørdnaden vi finn der er også sentral for oss karmelittar. Som ei oppfølging av Franz Werfels Bernadette roman les eg Kjell Arild Pollestads bok ”Bernadette. Piken som så Jomfru Maria”.Det er ein kort og oversikteleg skildringa av Bernadettes liv og visjonane ho hadde i 1858 som  heilt ung jente. Historia er fantastisk og tilsynelatande vanskeleg å tru på, men vi må vurdera det utfrå dei følgjende Bernadettes visjonar har hatt for ettertida. Nokre få har blitt lækte frå fysisk sjukdom, langt fleire av si fortviling og enno mange fleire har fått fornya sitt andelege liv!

“Que soy era Immaculada Councepciou - Eg er den ubesmitta unnfanginga” sa Jomfru Maria til  Bernadette . Ho hadde ingen forutsetning for å forstå dette, men då ho sa det til sognepresten som til då ikkje hadde trudd på henne, vart han i tvil og sensa at her var det likevel noko meir enn syner og fantasier. Det var berre fire år sidan paven hadde proklamert dogmet om at Maria var unnateke arvesynda, og vesle Bernadette hadde ingen forutsetningar for å kjenne til dette teologiske spørsmålet!





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar