fredag 3. september 2021

Gunvor Hofmo hundre år

 Eg finn fram Gunvor Hofmos "Samlede dikt" utgjeven i 1968, den innheld bare fem diktsamlingar som kom ut mellom 1946 og 1955. Så er ho taus fram til 1971 då det igjen nesten årleg kjem ei diktsamling fram til den siste "Epilog" som kom i 1994.  Den nye utgåva av  "Samlede dikt" som kom i 1995 innheld  over 700 dikt frå 20 diktsamlingar.  Men ikkje nok med det, i 1997 kjem rundt 350 "Etterlatte dikt" samla og redigert av Jan Erik Vold som og har skreve ein biografi  om henne "Mørkets sangerske". Opphaldet i hennar litterære produksjon skuldast alvorleg psykisk sjukdom, men ho skreiv også i desse åra  sjølv om det ikkje vart utgjeve noko. Det er neppe mange døme i litteraturhistorien på noko tilsvarande, å koma tilbake som poet etter så lang tid med alvorleg sjukdom!

I år det hundre år sidan ho vart fødd 30.juni 1922 i Oslo eller Christiania som navnet var då. Ho døydde i 1995. Etter at ho vart utskreven frå psykiatrisk sjukehus på byrjinga av 1970 talet levde ho isolert og gav aldri intervju, men ho skreiv og skreiv heile tida, til slutt langt over 1000 dikt. Dei fleste er av høg kvalitet og ho vert rekna som ein av dei store i norsk litteratur etter krigen. Sannsynlegvis blir ho ikkje lest så mykje, ja det er vel dei færraste poetar som blir det. Mange vil nok oppleva dikta hennar som mørke og tungsindige, vanskeleg å trenga inn i og langt frå den folkelege appellen som til dømes Hans Børli har.

Den første diktsamlinga "Jeg vil hjem til menneskene" kom i 1946 og fekk god kritikk. Dikta er prega av einsemd, lengt, død og mørke. Ein ikkje uventa tematikk sett i lys av dei dramatiske krigsåra. Krigen kom nok til å  prega  heile hennar liv og dikting, ho opplevde også ein stor perosnleg tragedie då hennar jødiske veninne Ruth Maier  vart arrestert og deportert med Donau i november 1942 for så sannsynlegvis å bli sendt rett i gasskammeret i Auschwitz.

"Slik en regnvåt kveldstund

kjenner du det er henne,

en jødisk venninne de drepte,

hun hvis lik de lot brenne

sammen med tusen andres

........

Du hører den myke stemmen

slik du hørte den sist,

spørrende uten klage,

dempet og uendelig trist:

Warum sollen wir nicht leiden

wenn so viel Leid ist ?"

(Fra diktet Møte)

Diktsamlingane som følgjer har mykje av den same tematikken prega av lengting og einsemd, av ein tapt og fjern barndom, over sommaren som er forbi.

" Dypt inni tåken ser du

at sommeren stirrer på deg med fjerne øyne

som om den stirrer på noe langt borte:

Er det din døde menneskelighet den ser,

er det en annen sommer barnslig blomstrende

mellom Guds hender...."

(Frå Sommerens fjernhet)

Så dukkar det brått opp dikt  prega av mystikkens lukkekjensle.


"Jeg kjenner ingen ord mer,

å salighet.

En dyp flom av lysende farger

gjennomtrenger meg

en høy, høy stillhet av gråhvit sne.


Gud faders ansikt

ser jeg deroppe.

Gud faders lysende ansikt.


Jeg kjenner ingen ord mer,

å salighet,

men farger og dyp."

(Jeg kjenner ingen ord mer....)


I "Etterlatte dikt" er det mange små perler, med få ord set hos fokus på både det nære og konkrete og det store eksistensielle og uforståelege i tilveret.

Eg falt for dette vesle dikt med tittelen "Skolehave"

"Å komme hjem

med jord på hendene

legge grønnsakene

på kjøkkenbordet

med stolt blikk

og sette astersen i vasen

og din mors stemme

fra butikken og oppgangen

som roser deg

Alt er oppfyllelse

duft av grønnsaker og blomster

og jord

samlet i ditt hjertes ro."


Og dette "Å bli gammel".

"Å bli gammel:

De lange dager som en tunnel

med lys som skimtes

langt borte

Det du har levet

lukker seg langsomt

som sår med skorpe."

Og til slutt "Lysene" det som kanskje er det siste diktet skreve like før ho sjølv gjekk inn til det uskapte lyset.

"Lysene hilser mørket

De legemliggjør seg

i avstanden og 

i stumheten

søm bærer Verden, dens

fødsel og død"




Jernbanen inn til Auschwitz der Gunvor Hofmos veninne Ruth Maier  vart ført ein novemberdag i 1942


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar