mandag 28. oktober 2019

Gravferdstale 15.oktober

Tale i gravferd 25. oktober 2019
Kjære pappa ! Kjære mamma og familie ! Kjære alle de som har møtt opp for å følgja pappa Eddie til den siste kvilestaden.

Når eg står her i dag er det første som slår meg at dette er din arena!Du tala i så mange gravferder og heldt så mange båreandaktar. I dag kan vi bare gjera så godt vi kan og vona at du hadde blitt fornøgd, sjølv om det kanskje  ikkje når opp til di erfaring, din standard ! Kyrkjeromet vi står i idag var viktig for deg. Du kunne Kvinnherad kyrkje si historie  ut og inn, like frå ho vart bygd på midten av 1200 talet til vår tid. Då 700 års jubileet vart markert i 1955 var det du som stod for jubileumsskriftet med historisk oversikt. Du likte å visa folk rundt i kyrkja og ausa av dine store kunnskaper. Difor er det så fint av du får avslutta livsferda i dette romet som var så viktig for deg heile livet igjennom.
Pappa Edvard eller Eddie som han oftast vart kalla fekk eit langt og godt liv. Vi feira siste gebursdagen hans – 97 år – 28. mars i vår. Han har vore ein  frisk og sprek mann heilt til han for ein del år sidan byrja å bli svekka mentalt, etterkvart også kroppsleg. Han fekk plass på Rosendalstunet  for omlag fem år sidan. Det var nok ikkje så lett i byrjinga, men etter  kvart slo han seg til ro og forsona seg med sin lagnad. Han verka blid og fornøgd sjølv om han ikkje lenger kunne gje uttrykk for det slik han var van med å gjera.

  Orda 

Orda skrumpar gradvis inn setningane vert kortare og fattigare stadfestande her og no berre her og no framtida er ikkje lenger ein visjon fortida oppløyst i fragment og fraser. Om ord kunne investerast og takast ut med renter etter mange år då hadde du vore velståande i dag du som hadde lest så mykje og  hadde så mange og så kloke ord.

Pappa vart fødd på Malmanger 28.mars 1922. Mora Agathe kom frå Jondal, ho vart alvorleg sjuk i samband med fødselen og vart liggjande lenge på sjukehus i etterkant. Det var andre som tok seg av han den første tida. Han var for tidleg fødd, liten og svak og det var tvil om at han i det heile ville overleva. Men det gjorde han til gangs. Faren Edvard  Thorup kom frå Horsens i Danmark. Han var enkemann, det var fire eldre halvsøsken. Faren dreiv Rosendal Ullvarefabrikk i over førti år. Pappa opplevde fleire tap som barn og ungdom. Då han var fire år døydde ein bror bare seksten år gammal, og eit par år etter drog søstera Aslaug som han var sterkt knytt til, til Kanada. Faren miste han då han var bare 22 år gammal. Dette var nok erfaringar som sette sitt preg på han vidare i livet, og var med på å forma hans syn på tilværet.

Han gjekk på Malmanger skule og seinare første kullet på Rosendal realskule 1938-40. Under krigen budde han fleire år hos ein onkel i Bergen og tok  to årig gymnas og handelsskule, dessutan kurs i journalistikk. Han fekk arbeid i avisa Dagen, og hadde nok kanskje  tenkt seg ein karriere som journalist. Mora Agathe var no blitt enke og sleit åleine med stort hus og hage i Rosendal, han hadde nok omsut for henne. Då han fekk tilbod om jobb på Heradskassen i Rosendal slo han til på det. Her fekke han sin arbeidsplass fram til han gjekk av med pensjon 67 år gammal i 1989. Han var trufast og pliktoppfyllande i arbeidet.Vi opplevde aldri at han var heime frå jobb pga. sjukdom, men visstnok vart han sendt heim
ein gong på 1950 talet avdi han hadde vannkoppar og dei andre var redde for smitte. Han fekk ikkje dei store utfordringar for si  skrivelyst i denne jobben, men tok det att på andre arenaer.

I 1956 gifte han seg med  Johanna Guddal frå øvste garden i Guddal, ho var 11 år yngre men dei fekk 63 år i lag. Dei fekk borna Frode, Agathe, Synnøve og Edvard, etterkvart åtte barnebarn og to oldebarn. Det siste oldebarnet Mathilde vart fødd bare få timar før han døydde. Til ettertanke og minne for oss alle !
Han og mamma utfylte kvarandre, han den boklege, reflekterte og skriveglade, ho den meir praktiske og handlekraftige. Men begge var vennekjære, sosiale og utadvendte. Dei hadde ein stor vennekrets, og  koste seg i sosialt samvær med samtale og diskusjonar.

Pappa var heile livet aktiv i ulike samanhengar i bygda. Alt tidleg vart han med i søndagskulearbeidet saman med prestekona Gunvor Sellevold. Søndagsskulen dreive han regelmessig til ut på 1970 talet. Det er nok enno mange som minnest han som tala, Harald Mehl som leia songen og Inger Sundfjord(kjent som Inger i Posten) som spelte orgel. No er dei alle borte. Det kan og nemnast at han var engasjert i speidarrørsle og var  med som speidarleiar i fleire år.
Han var og med i kyrkjeleg arbeid og sat mange år i soknerådet,fleire periodar som formann. Når prestar kom og reiste ønskte han velkommen og tok avskil. Han var og engasjert i kyrkjejubileum, først i 700 års jubileet i 1955 som eg alt har nemnt.Då stod  han åleine  for jubileumsskriftet,  femti år seinare var han med i komiteen stod stod for  boka «Endå kan klokkone kalla»  gjeve ut til 750 års markeringa. Han var sterkt interessert i teologi og kyrkjehistorie, men og i litteraturhistorie og generell historie både lokalt, nasjonalt og i europeisk samanheng. Han likte å diskutera og var ikkje lett å setja fast i teologiske oh historiske detaljar.

I sin ungdom fann han nok ein plass på bedehuset, men vart etter kvart meir og meir høgkyrkjeleg og var sterkt oppteken av Den katolske kyrkja. Det katolske tidsskriftet St.Olav abonnerte han på heilt frå 1950 talet, og han ville nok ha konvertert dersom det låg meir praktisk til rette. Det var stort for han då han som syttiåring endeleg fekk ein tur til Roma, og der fekk helsa på pave Johannes Paul II. Vi har eit bilete heime av denne  viktige hendinga.

Som eg tidlegare var inne på kunne han nok tenkt seg eit arbeid med språk og ord. Han var ein ordets mann, han las mykje, han likte å skriva og tala. I mange år var han og bibliotekar i bygda, først på Malmanger skule, så i Samfunnshuset, etter kvart flytt til den nye ungdomsskulen. Ope kvar fredag kveld  18-20. Eg hugsar kor spennande det var når det kom pakkar med årets nye bøker om hasusten som vi opna, såg på og leste litt i.

Han skreiv mange artiklar i både lokalavisene og i større aviser. I periodar hadde han faste spalter, «Helgetankar» i Kvinnheringen, «Dagens dikt» i Grenda. Det var eit vidt spekter av tema han var innom, alt frå lokal bygdehistorie til teologi og litteraturhistorie. Han heldt mange talar i ulike samanhengar, 17. mai talar, foredrag i ulike foreningar, andaktar. Eg trur han likte å stå framom ei forsamlinga og tala til dei. Vi opplevde aldri at dette var noko han grudde seg for. Men han var alltid godt førebudd ned på detaljnivå.

Han var var sprek heile sitt liv, vi såg han knapt sjuk bortsett  frå dei siste åra. 1 1939 fekk han andre plass på 100 meter i Sunhordalandsmeisterskapet, tida 11,9 var lenge familierekord inntil eit barnebarn sprang fortare for eit par år sidan. Han og mamma har alltid likt å gå kortare og lengre turar, med oss barna då vi budde heime, seinare dei to ilag eller med slekt og vener. Han gjekk toppturar til han var over sytti år og ville nok ha halde fram til åttiåra dersom ikkje ein kreftoperasjon sette han noko tilbake. Sjølv om han var oppteken av seriøse og alvorlege tema var han på ingen måte humørlaus, tvert imot. Folk opplevde han
som ein gledesspreiar som fortalde vitsar og morosame historiar, visstnok skal han og ha opptrått som tryllekunstnar!

Pappa hadde ei sikker tru, han visst kvar han gjekk til. Fleire gonger gav han uttrykk for at han ikkje var redd for å døy. Som den heilage Therese frå Lisieux kunne han nok ha sagt « Eg døyr ikkje, eg går inn til livet» ( Je ne meur pas, j`entre dans la vie) Han døydde fredeleg med dei nære rundt seg søndagkveld 13. oktober. Eg ser for meg at han vart bore  av englar inn i lyset og med Jomfru Marias forbøn som støtte. Nesten samstundes kom eit oldebarn inn i verda. Kanskje passerte dei kvarandre på veg ut og inn i dette tilværet. Det blir eit fint bilete på at alt og alle i  fødsel, liv og død, er omslutta av den same omsorga.

Til slutt vil eg ta med noko han skreiv i ein andakt over 2. Kor. 4.16-18. Ein tekst vi får høyra seinare i dag saman med salme 121 som betyr mykje for oss.
« Kva betyr livet for oss her, kva er viktig ? Er det makt, ære, framgang, underhaldning, et behageleg liv ? Hvis det bare er det alt dreier seg om, dreier det seg om ingenting, for døden gjer alt dette til ingenting. Vi må ha eit anna mål og ein annan verdiskala i livet vårt. Vi innser det i våre beste stunder. Den sigrande Kristus seier: Døden er overvunnen. Og la oss hugsa at kristendomen ikkje først og fremst er  levereglar eller eit fullkome samfunnssystem, men ein frelsesbodskap om forlating for synder og til slutt det evige liv hos Gud.»

Fred over alle gode minne
Til slutt frå Rekviem

Requiem aeternam dona eis Domine et lux perpetua luceat eis.
Gje han den evige kvile og la det evige lys skinna for han.

                                                         Kvinnherad kyrkje

                                                   Utsyn mot Melderskin frå kyrkjegarden

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar