mandag 29. oktober 2018

Den heilage Oscar Romero

Sist helg vart sju personar heilagkåra av pave Frans, mellom dei pave Paul VI og erkebiskop Oscar Romero frå El Salvador. Oscar Romero var ein uredd forkjempar for sosial rettferd og mot vald og undertrykking i heimlandet. Han måtte bøta med livet for det, 24. mars 1980 vart han myrda medan han feira messe i eit lite kapell. Det brutale mordet vekte intenasjonal oppsikt og fordøming. På 1980 -90 talet vart fleire land i Mellom-Amerika herja av brutale borgerkrigar med tusenvis av offer. Borgerkrigane vart utkjempa mellom brutale USA støtta regime og venstreorienterte geriljarørsler som heller ikkje stod tilbake når det kom til brutalitet. Mellom-Amerika var  i mykje større grad enn i dag i medias søkelys. Etter som det vart inngått avtalar mellom dei stridande var ikke valdshandlinga lenger så åpenlyste, men det er stort sett ikkje gått til det betre, i dag er desse landa offer for narkotikakriminalitet og har  nokon av dei høgste drapsratene i verda! Dette er og noko av bakgrunnen for flyktningestraumen nordover mot den amerikanske grensa.

Oscar Romero er utan tvil det mest framståande offer for  valden i Mellom-Amerika. Alt tidleg vart han eit viktig symbol i kampen  mot vald og urettferd. Det inspirerte mellom anna FN til  å erklæra hans dødsdag 24. mars til " Internasjonal dag for retten til sannhet om alvorlige brudd på menneskerettighetene og for ofrenes verdighet."

Oscar Romero vart fødd 15. august (Maria himmelfartsdag!) 1917, han byrja på det jesuittdrevne presteseminaret i San Salvador i 1937 og vart prestevia i 1942 under studieopphald i Roma . Tilbake i heimlandet i 1944 arbeidde han som sokneprest, han dreiv såvel pastoralt som sosialt arbeid, og fekk ry som ein fengslande predikant. I 1970 vart han utnemd til hjelpebiskop og i 1970 til biskop, han vart oppfatta som politisk konservativ så det var i tråd med styresmaktene sine ønske. Dette skulle snart forandra seg, særleg etter at  han i 1977 vart utnemd til erkebiskop av San Salvador. Oscar Romero fekk gradvis augene opp for den sosiale urettferd og  undertrykking som herska i landet, ikkje minst vart dette tydeleg etter det brutale drapet på hans nære ven jesuitten  Rutilio Grande SJ som arbeidde for rettane til dei fattige landarbeidarane. Han kom med sterk kritikk av undertrykking og vald i sine ukentlege preiker som og vart kringkasta til heile landet. Han fekk ein stor tilhengar -skare, og vart og kjent i utlandet. Det skulle visa seg å ikkje vera eit vern mot dei brutale dødsskvadronane leia av Roberto d`Aubuisson.

Det salvadoreanske  folket oppfatta han tidleg som ein heilag martyr. Under si vitjinga i El Salvador i 1983 ba pave Johannes Paul II ved grava til Romero. I 1990 vart det opna ein heilagkåringsprosess for Oscar Romero. Lenge vart det diskutert fram og tilbake om han var ein martyr, dvs drept pga "hat til trua - in odium fidei " ,  men i 2012 like før han abdiserte gav pave Bendikt grønt lys for å føra saka vidare. i 2015 vart  han saligkåra på plassen El Salvador del Mundo med 280.000 personar tilstades, mellom dei både politikarar og geistlege frå ei rekkje land.  Etter det obligatoriske mirakelet
var det så klart for at han 14. oktober formelt kunne kårast til Den heilage Oscar Romero.

Oscar Romero er ein martyr og helgen som når langt utover Den katolske kyrkjas grenser. Eg har alt nemnd korleis han har inspirert FN, eit anna døme er statuene på vestporten av Westminster Abbey i London der han er ein av ti martyrar frå ulike kyrkjesamfunn som vart drepne på 1900 talet. Oscar Romero er i dag ein forbedar og inspirator for alle som inspirert av evangeliet arbeider mot vald og urettferd og for fred og rettferd!



     Det er og naturleg at han er skytshelgen for den katolske hjelpeorganisasjonen Caritas





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar