tirsdag 31. juli 2018

Den heilage Ignatius av Loyola

I dag feirar vi minnedagen for Ignatius av Loyola (1491 - 1556), helgen og ordensgrunnleggjar. Han er skytshelgen for retrettar og retretthus, for soldatar og gravide kvinner.
Ignatius var av adelig familie og valgte ein militær karriere, men etter å ha blitt alvorleg såra opplevde han ei sterk omvending. Som eg tidlegare har skreve om  oppsøkte han klosteret på Montserrat med den svarte Madonna som ligg like utanfor Barcelona. I etterkant oppheldt han seg i Manresa ikkje langt frå Montserrat, og det var her han fekk inspirasjon  til å forfatta si veiledning i det andelege livet - Exercitia Spiritualia, eit skrift som  har inspirert kristne langt utanfor Den katolske kyrkja.  Frå Spania drog han til Roma og vidare på pilegrimsreise til Jerusalem. I utgangspunktet hadde han ikkje som hensikt å stifta ein ny orden, men han vart gradvis overtydd om sitt kall. Han studerte teologi i Paris og vart prestevigd i 1538.

Ei gradvis veksande gruppe vener og medarbeidarar samla seg rundt Ignatius, og planan om ein orden vaks fram, i 1540 godkjente pave Paul III ordenen som fekk det ofisielle navnet Societas Jesu - Jesu selskap. På folkemunne vart dei kalla jesuittar av dei to latiske orda Jesu og Ite, dvs. gå til Jesus som var bodskapen dei forkynte. Ignatius orden var ein misjonsorden som raskt spreidde seg til Sør-Amerika, Afrika og Asia. Ordenens første store misjonær var Franciscus Xavier som verka i India, Fillipinene, Indonesia og Japan, der han førte mange til trua.

Ignatius av Loyola var omstridt i si samtid og vart fleire gonger klaga for kjetteri, men det lukkast ikkje å finna grunnlag for kjettersk lære hos han. På same måte har Jesuittordenen vore omstridt, det er nok å minna om at ordenen på slutten av 1700 talet vart forboden, og i Norge hadde ikkje jesuittar tilgang før i 1956. Kanskje er noko av grunnen til det at dei dyktigaste og mest initativrike unge menn med prestekall fann seg til rette her. Jesuittane har utmerka seg såvel i drift av skular og universitet som i vitskapeleg arbeid, mange har kompetanse i naturvitskapeleg fag i tillegg til teologi. Pave Frans er i så måte eit typisk døme, i det han har utdanning i kjemi og har undervist i dette faget.
Men det er nok som misjonsorden at  Jesu Selskap har sett dei sterkaste spora.

                                     Ad Majorem Dei Gloriam -  For Guds større ære

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar