søndag 24. juni 2018

Michel Aupetit nye erkebiskop i Paris.

Michel Aupetit vart utnemd til erkebiskop av Paris  i desember i fjor og overtok denne viktige posisjonen frå 6. januar i år etter Andre Vingt-Trois.
Michel Aupetit bakgrunn er uvanleg for ein som når ein toppstilling i det kyrkjeleg hiearkiet,
Forfedrene hans var antiklerikale og faren sette aldri sin fot i ei kyrkje. Trua fekk han frå mora som lærte han å be, men han gjekk ikkje på katolsk skule eller deltok i katolsk ungdomsarbeid. Grunnlaget for eit seinare kall var nok likevel lagt i ungdommen , han ønskte å gjera noko for andre og då var medisinstudiet det mest nærliggjande. Michel Aupetit utdanna seg til lege og praktiserte som allmennlege i  Colombes nord for Paris 1979 til 1990. I denne tida vaks nok også hans interesse for medisinsk etiske spørsmål fram, noko han seinare skulle koma til å undervisa  i og delta i den offentlege debatten omkring. Han var ein forkjempar for livet både det ufødde og det skrøpeleg på slutten av livsreisa.

Gradvis vaks eit  kall fram i han, og frå 1990 byrja han på sin andre karriere som førte fram til at han vart ordinert til prest i 1995 44 år gammal. Etter det fungerte han som menighetsprest ulike stadar i Paris området. Han var i utgongspunktet ingen karriere mann, i 2015 uttalte han seg  til Paris Match om sin ambisjon " å bli  landsbyprest istadenfor  landsbylege" (devenir cure de campagne a defaut d` ètre medecin de campagne) Lagnaden , Gud eller hans overordna ville det annleis, i 2013 vart han utnemnd til hjelpebiskop i Paris og året etter til biskop i Nanterre. Han kan ikkje ha gjort ein dårleg jobb for pave Frans utnemde han 7. desember i fjor til det høgste embete i Frankrike, erkebiskop av Paris. Mange utfordingar møter han i eit sekulært Frankrike  med ein etterkvart stor muslimsk minoritet. Han har dei beste forutsetningar  for å takla det, han kjenner Paris regionen frå grasrota både som lege og prest. Han er sterkt engasjert i viktige bioetiske problemstillingar, og han har gode relasjonar til sine viktigaste medarbeidarar i bispedømet, menighetsprestane.  Michel Aupetit blir karakterisert som ein varm og levande person som det ikkje er mogleg å kjeda seg saman med.
Han er utan tvil og ein svært from mann med eit nært forhald til Kristus, og han er ein mann som ber.
I eit intervju seier han:" For meg er det nødvendig å be utan opphald, utan det kunne eg ikkje vore istand til å vera biskop." ( Il med faut prier sans cesses, sans quoi je ne serais pas en etat d`etre eveque)






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar