søndag 22. oktober 2017

Mysteriet i trua

Eskil Skjeldals samtalebok med forfattaren Jon Foss "Mysteriet i trua" kom i 2015. Det er eit djupt personleg bok der Jon Fosse utleverar det inste i seg sjølv. Han fortel om sin angst og sine alkoholproblem så vel som dei to mystiske opplevingane som har vore med på å forma livet hans.
Den raude tråden i boka er hans veg til tru, ein veg som førte til at han valde å bli teken opp i Den katolske kyrkja for eit par år sidan.
Utdrag frå boka er blitt dramastisert og vart framført i Kristiansand domkirke i kveld av Mette Langfeldt og Hallgjerd Byrkjeland. Tekstane vart innramma av orgelmusikk framført av Andrew Wilder og Elsebeth Lutcherath. Jon Fosse seier og ein stad at: " Eg trur at Bach for mange er ein betre veg til Gud enn all slags preiking."
Det vart ei vakker kveldsstund rundt dei store spørsmåla i tilveret. Fosse tek utgongspunkt i filosofien Aquinas, Heidegger, Wittgenstein. "Kvifor er noko til og ikkje ingen ting, ingenting ?" Kva er dette mystiske som kan synast, ikkje seiast ?  Vi er kasta inn i dette tilveret, " inn i fridomen til døden."
Gud er  den som er,  han er rein eksistens, rein "vere", ikkje noko som finst. I Japan vil ein  kalla denne vere for tomleik, men Gud forlet denne  tomleik og vart menneske og språk i Jesus Kristus, Den krossfesta Gud er ein avmektig Gud, men ein Gud som vert allmektig i si avmakt.


Jon Fosses vakre nattsalme tonesatt av Andreas Utnem vart og ein del av framføringa.

Det finst ei jord som opnar opp
sitt djup av svarte natt
og løyner både sjel og kropp
til ingenting er att

Det finst ei natt som møter deg
og tek deg mjukt imot
og let deg kvila æveleg,
di hand, di sjel, din fot

Det finst frå Gud i alt som er,
i jord og nattevrimmel,
di sjel er hans, du er hans verd,
du lyser fram hans himmel


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar