lørdag 14. oktober 2017

Llibre Vermell de Montserrat

Llibre Vermell de Montserrat (Den raude bok frå Montserrat) er ei samling religiøse skrifter frå slutten av 1300 talet . Orginalen blir teke vare på  i klosteret i Montserrat, navnet på boka skriv seg frå 1800 talet då ho fekk eit omslag i raud fløyel. Llibre Vermell innheld tekstar i ulike sjangrar, teologisk skrifter, interne dokument for klosteret, og ikkje minst historiar om mirakel som har skjedd på Den svarte Madonnas forbøn. Men det er utan tvil dei ti songane med tekst og tilhøyrande notar som har gjort  Llibre Vermell kjent og gjer at dette er ein levande tradisjon. Songane er dels på katalansk, dels på oksitansk og latin. Dei vart skreve for pilegrimar som vakte natta igjennom utanfor klosteret i Montserrat, sannsynlegvis vart dei framført som felles song  og  dansa til.  I moderne tider er musikken frå Montserrat spelt inn av ulike utøvarar, den meste kjente er naturlegvis Jordi Savall med ensemblet Hisperion XX. Eg kjøpte ein CD med middelaldergruppa  " Alla Francesca" for mange år sidan (sjå linken under) og det var naturleg å ta denne fram igjen etter  turen til Montserrat i haust. Musikken er prega av fleire stilartar og av enkelte sett på som ein antologi over 1300 talets musikk i Katalonia og Oksitania. Preget av lokal folkemusikk er naturlegvis dominerande.
Ein kan lytta til hymnar og balladar til Maria, bli tidlaust ein av dei mange som på slutten av 1300 talet i lyset frå små bål og faklar song og dansa natta igjennom på plassen framom klosteret med Den svarte Madonna. Over og under stupbratte fjellsider, mange hadde slete seg opp her med sine sjukdomar og skvankar i von om at dei skulle bli mirakuløst lækte. Dei fleste drog heim som dei kom, men kanskje med større von og sterkare tru!

 Los set goytex

Los set goytex recomptarem et devotament xantant
humilment saludarem la dolce verge Maria
Ave Maria gracia plena dominus tecum virgo serena
.....
Verge, stant dolorosa per la mort del fill molt car
romangues tota ioyosa can lo vis resuscitar
a vos mare piadosa primer se volch demonstrar
......

Tots donques nos esforcem en aquesta present vida
que peccats foragitem de nostr` anima mesquina
e vos dolce verge pia vuyllats nos ho empetrar.

(Eg skal fromt fortelja og synga om dei sju gleder,
audmjukt skal eg æra den milde Jomfru Maria,
Ver helsa Maria, full av nåde, Herren er med deg reine Jomfru
......
Jomfru, i sorga over døden til din elska Son,
fann du igjen glede over å sjå han stå opp igjen
for det var til deg fromme Jomfru at han først viste seg

........

La kvar og ein av oss halda fram i denne verda
og fri oss frå syndene i våre elendige sjeler.
Og du heilage Jomfru Maria, hjelp oss med dette)








Linker til musikken fra Llibre Vermell:

https://www.youtube.com/watch?v=X8pBMiSOZHc

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar