søndag 1. oktober 2017

Messe på kroatisk

Tidleg søndag morgon i den vesle feriebyen Promajna på Makarska-rivieraen i  Kroatia. Kyrkjeklokkene kallar til messe i den relativt nye kyrkja(1997) ikkje langt frå sjøen. Kyrkja fylles langsamt av unge, eldre og born. Eit lite kor finn sin plass, akkompangert av ei nonne på elektrisk orgel. Kyrkja er enkel og ber preg av begrensa ressursar i eit land som for få tiår sidan var involvert i ein blodig borgarkrig. I dag er turisme igjen ei viktig inntekstkjelde og alt er tilsynelatande solfylt og harmonisk.
Eg finn min plass eit stykke bak på høgre side. Alt er kjent bortsett frå språket, og det er eigentleg ikkje eit stort hinder. Messeledda er kjente, tekstane finn eg på mobilappen, det er berre preika eg ikkje får med meg. Eg har opplevd det same tidlegare i år på polsk og katalansk og eit par dagar seinare italiensk når vi deltek på messe i Medjugorje saman med ei gruppe frå Italia. Det blir ein fin søndagsformiddag saman med lokalbefolkninga i Promajna, eg opplever meg eigentleg ikkje som ein utanfrå. Det slår meg at dette er noko av det storarta med katolisismen, uansett kor ein kjem i verda er ein heime, del av eit stort fellesskap. Alltid deltakar  aldri tilskodar utanfrå!






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar