fredag 2. juni 2017

Den jødiske gravplassen

Kazimierz  er den gamle jødiske bydelen i Krakow , mellom anna kjent som  kulissene til Steven Spielbergs film om Holocaust,Schindlers liste. Eg går her ein kjølig aprildag, og ser at lite  er att av det eingong levande jødiske samfunnet. Men det er ikkje berre museum, to synagogar er framleis i bruk, og brått dukkar det opp ei gruppe med ti-tolv ortodokse jødiske menn. Remuh synagogen er den minste som framleis er i bruk, eg går inn for å få å sjå men klarer ikkje å finna roen, her er for mange støyande tyske turistar. Synagogen ligg vegg i vegg med Remuh gravplassen som vart etablert på midten av 1500 talet, og i bruk eit par hundre år framover. Gravplassen vart vandalisert under krigen, men er seinare restaurert. Mange hundre år gamle  gravminne, inskripsjonar med hebraiske teikn ,utydelige og utydbare, ingen blomar men tett og viltveksande gras. Her er rolegare og lufta er fylt med denne vemodige kjensla som ligg over alle gravplasser. Tida, alt som blir borte og gløymt, snart er vi og blant dei som levde "för längesänn" som Pär Lagerkvist skriv. Men noko skil seg frå andre gravplasser, dei sekstifemtusen  som levde her før Den andre verdskrigen er ikkje gravlagt  saman men sine forfedre, dei vart til røyk i Auschwitz-Birkenaus krematorieovnar. Så borte som det går an å bli!

Kazimierz, dette sentrum for jødisk kultur i Polen, ein levande samfunn som dyrka jødisk religion og kultur,og lenge ei trygg havn for jødar som flykta frå forfølgjing andre stadar. Men så var det  brått slutt, det  mange hundreårige jødiske samfunnet er så godt som borte, slik det er over alt i Aust-Europa. Kanskje er det difor dette ikkje bare framkaller den vanlege vemodige kjensla alle gravplassar gjer, men det er ei djupare sorgkjensle som også er næra av det faktum at antisemittismen igjen er på frammarsj i Europa. "Jøde" blir nytta som skjellsord, synagogar og jødiske institusjonar må ha væpna vakter, jødar er redde for å visa sin identitet i det offentlege rom. Forbod mot mannleg omskjering blir diskutert i Norge, og Framstegpartiet har vedteke det i sitt partiprogram. Intensjonen er nok ikkje antisemittiske, men forslaget røper ein totalt manglande forståing av kva jødiske religion og identitet inneber,og vil dersom det blir gjennomfört gjera det  nærast umogleg å vera jøde i Norge.

Eg står igjen med spørsmål og ingen svar og seier med poeten Nelly Sachs: " VARFÖR hatets svarta svar på att du finns, Israel ? "






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar