lørdag 24. juni 2017

Poetica: Heimreisa

Heimreisa

Då Voyager hadde nådd yttergrensa til solsystemet snudde ho seg ei kort stund vendte blikket heimover og kanskje smilte ho mot denne fjerne lysande prikken som ho ein gong kom frå. Vi stod der øverst i dalen ein sein vinterkveld og såg mot husa langt der nede det var fyr i ovnen og det lyste varmt frå vindauga før nokon drog for gardinene og vi hadde bare det store ukjente som handa grip etter når ein vaknar midt i draumen. Yoyager snur seg utover fokuserar sitt galaktiske blikk og trur ho samlar stjernestøv for heimreisa.

Romsondane Yoyager I og II vart sendt opp i 1977 og passerte dei store
planetane i solsystemet før dei heldt fram ut i det enorme universet.
Det er naturlegvis inga heimreise for Yoyager!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar