mandag 4. november 2013

Retten til liv

Debatten om fastlegars rett til å reservera seg mot henvisning til abort og dermed gje kvinner oppleving av å bli avvist i ein sårbar situasjon har også eit heilt motsatt aspekt. Mange kvinner har opplevd å bli utsett for eit sterkt press om å ta abort etter å ha fått påvist kromosomavvik hos fosteret.
Det dreier seg om trisomi 21 betre kjent som Downs syndrom, men i enno større grad dei sjeldnare avvika trisomi 13 og 18. Desse tilstandane har til no blitt vurdert som uforenlege med liv, og dermed er det meiningslaust å halda fram svangerskapet og eventuelt gje helsehjelp til barnet etter fødselen.
Anestesilege og mor Siri Fuglem Berg har løfta denne viktige debatten inn i det offentlege rom. Det er basert på dyrekjøpt personleg erfaring. Ho var 40 år og fjerdegongs gravid då det vart påvist at fosteret hadde eit ekstra kromosom 18.

Om erfaringa med helsevesenet i denne situasjonen seier Siri Fuglem Berg  i eit intervju med Aftenposten:
- Jeg opplevde selv et utidig press om å ta abort, og flere enn 90 prosent velger abort når de får en syndromdiagnose. Men mange angrer når de ser at de kunne fått litt tid med barnet sitt, og at bare én kvinne angrer, er alvorlig nok. Fosterdiagnostikerne bør også være forpliktet til å følge opp dem som ikke velger abort. De må lage et opplegg også for dem som velger å gjennomføre et vanskelig svangerskap.

I etterkant av dette har ho og engasjert seg sterkt i debatten om tidleg ultralyd og fosterdiagnostikk både i form av bok, internettside og blogginnlegg. Ho har og aktivt støtta andre gravide i liknande situasjon. Kanskje byrjar arbeidet også å bera frukt? Nyleg har Klinisk etikk komite ved Oslo Universitetssykehus kome med eit refleksjonsnotat der dei innrømmer at tidlegare vurderingar "ikkje forenleg med liv" i mange tilfelle ikkje var korrekt. Komtiteen viser til at 10% av desse barna overlever. Fekk desse 10% helsehjelp eller ikkje, og i såfall kor mange ville har overlevd dersom alle fekk helsehjelp ?
Det står alle mogleg respekt av  Siri Fuglem Bergs innsats for å setja denne viktige etiske debatten på dagsordenen !
Til slutt eit lite men kanskje viktig poeng som ho nevner i eit avisinnlegg. Kanskje er det enkelte gravide som ønskjer å gå til fastlegar som har reservert seg mot aborthenvisning for der å få støtte til å bera fram eit funksjonshemma barn ?


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar