tirsdag 6. august 2013

Spelet om heilag Olav

"Aldri skal denne natta bli gløymd" oppsummerar forfattaren Olav Gullvåg mot slutten av "Spelet om heilag Olav" som har blitt framført på Stiklestad kvar olsok sidan 1954. Han skreiv dette stykket på oppmoding på byrjinga av femtitalet, og det vart tonesatt av komponisten Paul Okkenhaug. Etter kvart har framføringa av dette spelet vorte ein grunnfesta tradisjon som kvart år dreg tusenvis av tilreisande til den vesle trønderbygda. Opphaveleg hadde stykket tittelen "Natterast på Sul", handlinga i stykket er lagt til garden Sul natta før slaget på Stiklestad der kong Olav fell. Her kjem kong Olav med hæren sin, og i møte med folket på garden får vi uttrykt brytninga mellom heidendom og kristendom. Året framsyning var for første gong lagt til sein kveldstid og byrja kl 23, dramaturgisk var det kanskje  eit godt trekk av årets regissør Marit Moan Aune. Ja, årets førestilling var nok definitivt ei større oppleving enn då eg såg det første gong for ti år sidan.

Kva var det med kong Olav Haraldsson som gjorde at han kort tid etter sin død vart rekna som ein heilag mann ? I stykket får vi eit konkret uttrykk for dette når "Gamal-Jostein " får synet igjen etter tilfeldig å fått den døde kongens blod på hendene for så å stryka det over andletet. " Han var ein heilag mann" seier han  heilt mot slutten av stykket. Olav var ein brutal viking-krigar og sånn sett eit barn av si tid, men han er og ein person som steig ut av si tid og vart "Rex Perpetuus Norvegiae" - Noregs ævelege konge. Han vert ein samlande rikssymbol for landet, og kongane som følgjer etter han tek landet i len av Olav.
Det var naturlegvis ikkje Olav åleine som kristna landet, det var ein prosess som starta mange hundreår tidlegare, og som heldt fram lenge etter Olav. Ein prosess dreve fram kanskje meir av fredeleg handelssamkvem med nabolanda enn av brutale krigarar. Stiklestad 1030 vart likevel eit vendepunkt, noko hende rundt den døde kongen som kom til å prega ettertida i svært stor grad. Innan kort tid var meir enn 300 kloster og kyrkjer via til Olav, og Nidaros vart det viktigaste pilegrimsmålet i Nord-Europa. I Snorres kongesoger er soga om Olav den viktigaste delen, og erkebiskop Øystein Erlendsson skriv på latin eit verk om Olavs liv, død og mirakel. Dagens tidebøner har med tekstar frå dette verket. Olav vart og er Noregs viktigaste helgen, og den einaste som er kjent utanfor landet.

Reformasjonen fjerna Olavsskrinet i Nidarosdomen, forbaud helgenvørdnaden og det vart slutt på pilegrimsvandringane til Nidaros. Men Olavsvørdnaden levde likevel vidare i løyndom, og i vår tid opplever vi eit aukande fokus på Olav. Tusenårsjubileet i 1930, Spelet om heilag Olav frå 1954, og i våre dagar Olavsfestdagane og igjen markeringa av Nidaros som pilegrimsmål. Kanskje er det då heller ikkje overraskande,  men likevel gledeleg , at Den norske kyrkjas Olavsvake i Nidarosdomen avsluttar med at koret Schola Sancta Sunnivae syng frå Olavsliturgien på latin:" Olav, Herrens hellige martyr vi ber deg, gå i forbøn for oss hos Gud, så Han gir oss tilgivelse for våre synder og det evige livs lønn."



                                            Frå Spelet om heilag Olav på  Stiklestad 2013

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar