tirsdag 6. august 2013

Rosekyrkja

Den såkalla "Rosekyrkja" i Stordal kommune på Sunnmøre er unik i norsk samanheng. Kyrkja vart reist i 1789 på same staden som den gamle stavkyrkja frå 1300 talet stod. Kyrkja vart reist på dugnad av lokale bønder, og i det ytre skil ho seg ikkje så mykje frå andre kyrkjer frå same tidsepoke. Det er dekorasjonane i sjølve kyrkjerommet som gjer kyrkja spesiell. Dei vart utført av to navngjevne omreisande kunstnarar som vi ikkje veit så mykje om. Heile kyrkja er dekorert med bibelske motiv utført i ein renessansestil som vi vel med dagens auge vil oppfatta som litt naivistisk.
Det gjer eit heilt spesielt inntrykk å stå her medan lyset frå den vakre julidagen fell inn i kyrkja.
Kristus, apostlane , evangelistane og profetar frå Det gamle testamentet skuar ned på oss. Her er og framstillingar av likningar som den om dei kloke og ukloke jomfruene. Kyrkja innheld to krossfestingsmotiv. Det eine er eit krusifiks frå Mellomalderen som framstiller den sigrande Kristus med kongekrune. Det andre er altertavla som i barokkstil framstiller ein lidande og menneskeleg Kristus omgjeven av Maria og Johannes. Desse to uttrykka motseier ikkje kvarandre, men utfyller  bilete vårt av krossfestinga. Under altertavla  står det:" Hvo som æder mit Legem og Dricker mit Blod Han Haver Det Evige Liv."

I 1906 vart det oppført ei ny kyrkje litt lenger ned i dalen, og lenge var det strid om den gamle kyrkja skulle rivast. Heldigvis vart ho teke vare på for ettertida. Når vi går ut i sommardagen etter ein liten guida tur gjennom  kyrkja blandar dei religiøse bileta seg med det personlege. Her vart sannsynlegvis oldemora mi døypt ein søndag i 1864 og konfirmert ein gong på midten av 1870 talet. (meir om det i neste innlegg) Brått er " Rosekyrkja"  ikkje bare eit religiøst og historisk monument, men  noko som angår oss personleg, vi som er innom her snart 150 år seinare på leiting etter slektsrøter.
 

 


 
 
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar