lørdag 10. august 2013

Om å søkja sine røter

Mange er det som i skrift og tale har gjeve uttrykk for at det moderne mennesket  er ein einsam og forvirra skapnad, lausreven frå den tryggleiken det gav å vera ein del av eit tilvære der slekstledd følgde slektsledd, og  alt var grunnfesta i eit oversikteleg og forutseibart lokalsamfunn. Kanskje er eit auka fokus på slektsgransking og forsøk på å finna ukjente slektningar (jmfr. NRK program med dette temaet) eit uttrykk for ønskje om ei fast forankring i alt det ukjente og uoversiktelege. Vi er våre forfedres arvestoff, men vi er og deira kultur, deira erfaring og sansing, om ikkje direkte så indirekte.

Få kjenner noko særleg til sine oldeforeldre, livssoga, ja til og med navna er ofte ukjente. I beste fall er dei eit falma svart-kvitt bilete på veggen hos ei bestemor eller gammal grandtante. Ein solfylt dag i slutten av juli er vi tre generasjonar på veg innover Sunnmøre til staden der  bestemor/oldemor/tippoldemor kom i frå. Olava Regine fødd på garden Øvrebust i Stordalen i 1864 reiste som ung jente til Hardanger for å få utdanning på den nyleg oppretta meieriskulen. Etter fullført utdanning fekk ho arbeid på Seimsfoss i Kvinnherad. Det kom til å bli lagnaden hennar, i 1894 vart ho gift med odelsbonden øvst i dalen, der blir ho resten av livet til ho døyr i høg alder for snart seksti år siden. Eg veit ikkje om ho nokon gong kom attende til heimstaden, seks born og ansvar for ein stor gard gav ikkje rom for så mykje fritid på byrjinga av 1900 talet. Men slekta kom på vitjing med jamne mellomrom, og det dempa nok litt av heimlengten. Mannen hennar, min oldefar, vitja svigerfamilien, det viser eit meir enn hundre år gammalt postkort han sendte heim medan han sat i Ålesund og venta på båten som skulle ta han inn til svigerfamilien i Stordalen. Kanskje for første og einaste gong, det var ei lang og tungvint reise den gongen.

Det går raskare i dag når vi føl vegen frå Ålesund mellom smale fjordar og bratte fjell. Turen vert vellukka på alle måtar, vi møter ukjente slektningar og får sjå stadane som før bare var navn, men som brått vert sansbare, fylt med historie og minne." How all that separates our ancestors from us is electricity" skriv den skotske poeten Kenneth Steven i diktet "Clearing the snow". Eg tolkar han slik at det berre er teknologien som skil oss frå tidlegare tiders menneske, alt det andre har vi felles.
Teknologien er overflate, like under er det ei felles ukjent verd fylt med erfaring, sansing og minne som vi i korte glimt får lov til å dukke ned i og ta med oss ein flik av vidare. Når eg eit par dagar seinare står ved murane til dei nedraste størshusa på fjellet overfor garden ho kom til for snart 120 år sidan , er det som om overflata verte broten, forhenget trekt litt til sida og Olava Regine er ikkje lenger berre gamle svart-kvitt bilete og ein mosegrodd gravstein. Røtene blir med eit djupare, fastare og betre forankra i jordsmonnet.


                                        På tunet framom gardshuset, vitjing av slektningar ein gong på 1920 talet
                                        Vi har med bilete og kjenner oss straks igjen.
                                                                     Stordalen
                                              1894: ei ven sunnmørsjente giftar seg med ein staut odelsbonde
                                              Dei har teke turen til Bergen for å ta bryllauspbilete.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar