onsdag 28. desember 2011

Poetica:Now,O Now I Needs Must Part


Fråveret er stille
som frostrøyken over Øresund
tidleg vintermorgon
John Dowland går åleine
gjennom aude salar
tungsinnet strauk bort svevnen
så altfor brått
eller var det ein strofe
som kjempa seg opp frå draumen
for så å stryka over det iskalde golvet
mot lutten som ligg på bordet
over mot det nordre hjørnet
fingrane glir varsamt over strengane
forsiktig no noko lever her
lever vidare i mørke avstand og kjærleik
det som er meir enn eit hjarta kan eiga
now, o now I needs must part

John Dowland( 1563-1626) var frå 1598 ved hoffet til Kristian 4 i København. Få har som han skildra melankolien, sorga  og lengtinga i dette tilværet. Andreas Scholl har ei flott framføring av
"Now, O Now I Needs Must Part"                                                            http://www.youtube.com/watch?v=ezh1dxnwMWQ

"Now, O Now I needs must part. Parting though I absent mourn.While I live I needs must love. Love gives not when hope is gone. Absence can no joy impart. Joy once fled can not return. Now at last despair doth prove."

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar