søndag 16. januar 2011

Poetica:Filosofi

Eit filosofisk sidesprang: 

                       Filosofi
Intensjonalitet-
du smaker på ordet
veg det, luktar på det
let det gli fram og attende
prøver å riva det frå kvarandre
for så å setja det saman att
men lukkast ikkje heilt
noko manglar

Det mørke skummande ølet friskar opp i pausen

Men du stiller ikkje spørsmål etterpå
språket synest å ha ramla utanfor si grense
og er blitt mållaust
utan at intensjonaliteten ser ut til å bry seg
det minste om det.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar