lørdag 22. januar 2011

Kongen av Bastøy

Filmen" Kongen av Bastøy" med regi av Marius Holst går for tida på norske kinoar. Det er ein realistisk og sterk historie basert på historiske hendingar ved "Bastøy guttehjem" i 1915. På byrjinga av 1900 talet vart det etablert ei rekkje "skolehjem"  basert på "vergerådslovene " frå 1896. Tanken bak var i utgongspunktet framsynt, ein skulle gripa inn mot barn og ungdom med oppdragande tiltak før dei endte opp i kriminalitet og asosial framferd.Dessverre vart desse institusjonane ofte fengselsliknande med ein beinhard disiplin og tilsvarande  strafferegime. Dette kjem tydeleg fram i filmen. I 1915 gjorde de innsette gutane på Bastøy opprør, noko som endte med at marinesoldatar vart sett inn for å slå ned opprøret. Filmen skildrar denne hendinga i bearbeidd versjon.Heldigvis er dette historie sjølv om  barn  framleis vert slått .Forskjellen  er bare den at i dag er ikkje dette ein allment akseptert del av barneoppdraginga som blir praktisert i alle eller iallfall dei fleste heimar, slik det var for hundre år tilbake.Kanskje er det eit av dei store framskritta , for barn som blir slått blir i neste omgang vaksne som slår eller redde og forbitra vaksne.
"Vi var alltid redde deg" seier Ingmar Bergman til den aldrande faren i filmen "Søndagsbarn" frå 1992. Filmen som har sjølvbiografisk manus av Bergman sjølv og regi av sonen Daniel vekslar mellom ein solfylt søndag i 1926 og eit vinterleg Stockholm i 1968 der Ingmar Bergman vitjar den døyandre faren. Sommardagen i 1926 er tilsynelatande avslappa og harmonisk, men like under ligg konflikten og angsten.Redselen for slag og uforutsigbart sinne. Faren er ikkje i stand til å forstå dette, barnets perspektiv er ikkje hans.
Kanskje er det noko av det viktigaste i begge filmane, barnet/ungdomens perspektiv og absolutte krav på respekt og forutsigbarheit!
Begge filmane vel verdt å sjå enten for første gong eller på nytt,til ettertanke og litt større innsikt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar