torsdag 27. januar 2011

Hélène Berre. Une vie confisquée

Holocaust dagen til minne om alle offera for nazismens utryddingsleirar.
Seks millionar jødar vart utrydda, eit tal som det er vanskeleg å forhalda seg til. Noko heilt anna er det når det kjem ned til einskild lagnadar. Ei Ruth Meyer, ei  Anne Frank eller fransk- jødiske Hélène Berr(1921-1945) som kanskje er mindre kjent for dei fleste.
Det er januar for eit år sidan  i eit vinterleg Paris, eg går rundt i Holocaust museet ”Le mémorial de la Shoah”. Minnesmerket for dei fransk-jødiske offera for nazismens herjingar.
Det er ein spesial utstilling akkurat då :”Hélène Berre. Une vie confisquée.” Familiebilete, brev og korte notat og så det vesentlege, dagboka som ho førte frå 1942 til 1944. Utan den ville også ho vore ein av dei seks millionar ukjente. No vert ho på ein underleg måte løfta ut av historiens mørke og inn i vår røyndom. Her finn vi også ei diktsamling av Paul Valéry med  dedikasjonen ”Frøken Hélène Berrs eksemplar” og den vakre verselinja:”Så mildt lyset er når vi våkner, og så vakkert det levende blå.” ( Au réveil , si douce la lumière, et si beau ce bleu vivant).
Dagboka vert innleia med at ho ein vakker vårdag i 1942 går for å henta denne diktsamlinga som ho har sendt til Paul Valéry,  i von om at han skal signera henne.  Lik denne vakre aprildagen er også resten av våren 1942 harmonisk , ho går på førelesningar,  konsertar med kjærasten, utflukter med familien. Kontrasten blir desto større til resten året. I juni vert det bestemt at alle jødar må gå med den gule stjerna godt synleg, Hélèn går og med stjerna ”fordi jeg vil sette motet mitt på prøve” som ho uttrykkjer det. Kort tid etter blir familien ramma av den første katastrofen, faren som er ein  kjent industrileiar og krigshelt frå Første verdskrig vert arrestert av det franske politiet , som utleverar han til Gestapo. Hélène er ei reflektert og engasjert ung kvinne som ikkje let seg knekka, ho melder seg friviljug som sosialassistent for å hjelpa dei internerte jødiske barna som er skilde frå foreldra på ein brutal måte. Desse barna er det forresten eit eige minnerom for i Holocaustmuseet, eit rom der er  det er hengt opp små fotografi av barn i alle aldrar. Dei heng tett i tett over alt, det gjer eit uhyre sterkt inntrykk som det  er vanskeleg å finna dekkande ord for.
Hélène Berre klarte lenge å sleppa unna arrestasjon og deportasjon, men i mars 1944 er det slutt. På sin 23 års dag blir ho deportert til Auschwitz saman med foreldrene sine. Ho døyr i Bergen-Belsen i januar 1945. Dagboka sirkulerar lenge i familien inntil niesa Mariette Job tek initativ til å gjera henne allment tilgjengeleg. I oktober 2007 blir ho utgjeven og er seinare oversett til fleire språk, også norsk. Hélène Berrs dagbok , lik Anne Franks og Ruth Meyers dagbøker, gjer  at Holcaust vert noko anna enn bare historiske fakta og statistikk. Denne katastrofen ramma einskild menneske som vi kan idenitifisera oss med, menneske med dei same tankar og draumar som oss. På omslaget til dagboka er det eit vakkert bilete av Hélène der ho ser inn i framtida ho aldri skal få oppleva. ”Une vie confisquée.” La oss derfor minnast henne og dei seks millionar ukjente døde på denne dagen 27. januar!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar