onsdag 18. mars 2026

Servant of God Ruth Pakaluk

 Det dukkar stadig opp nye helgenkandidatar. Nyleg vart det i bispedømmet Worchester i USA teke eit første initativ til ein saligkåringsprosess for Ruth Pakaluk. Ho hadde protestantisk bakgrunn,men som ung rekna ho seg som ateist og var ivrig forkjempar for kvinners rett til abort. Under studietida på Harvard møtte ho Michael Pakaluk, han kom frå ein katolsk familie men var ikkje lenger truande. Saman søkte dei sanninga og byrja etter kvart å gå til katolsk messe. Michael fann tilbake til Kyrkja og Ruth vart ein del av Kyrkjas fulle fellesskap julafta 1980.Ruth vart sterkt engasjert i Kyrkja både med katekese og ikkje minst i « pro- life» rørsla. Frå å vera forkjempar for abort vart ho forkjempar for det katolske synet på retten til liv. Ho og Michael fekk etter kvart seks barn, ein gut døydde i krybbedød. I nabolaget var ho den omsorgsfulle som tok seg av store og små .Som alle helgenkandidatar var ho fokusert på Eukaristien og gjekk dagleg til messe, ho levde og eit intenst indre bønneliv. I 1991 får Ruth påvist brystkreft, det hindrar på ingen  hennar engasjement, heller ikkje mot slutten av livet då ho lever med spreiing og store smerter. Ho døyr 25.september 1998, bare 41 år gammal.

Var Ruth Pakaluk ein helgen? Tilsynelatande levde ho ei vanleg liv med eit engasjement ikkje ulikt mange andre unge mødre i Kyrkja. Det var ikkje ekstraordinære fenomen knytt til livet hennar, men ho var ei from kvinne som dagleg  praktiserte si katolske tru med stort alvor. Det var sagt at ho praktiserte det ordinære på ein ekstraordinær måte. Det er ein lang veg fram til kanonisering - heilagkåring og kanskje når Ruth Pakaluk aldri der. Men kanskje er det truande som henne vi treng i åra som kjem, tilsynelatande som alle andre men med ei sterk tru næra av Eukaristien som drivkraft for sitt engasjement for andre.



                                     Foto: EWTN News.


«To give life and to defend it. To have faith and to spread it. To be gifted, and to freely give of those gifts.»


søndag 15. mars 2026

Hamnet

 Filmen Hamnet regissert av Chloé Zhao går for tida på noske kinoar.Filmen har fått god kritikk og er oscarnominert. Filmen handlar om William Shakespear og kona Agnes Hathaway basert på ein roman av Maggie O’Farrell frå 2020. Filmen og boka er ei dramatisering av relasjonen mellom den store diktaren og kona Agnes ( det ser ut som både Agnes og Anne er brukt)  frå dei først møtest og blir betatt av kvarandre og til dei må ta inn over seg  den botnlause sorga som rammar dei når 11 årige Hamnet døyr.Historisk er det usikkert kva han døydde av, i filmen blir både han og tvillingsøstera Judith ramma av byllepest, ho overlever, han døyr ein smertefull død i armane til mora. Sorga er tilsynelatande uoverkommeleg særleg for Agnes. William arbeider med skodespelet som vi kjenner som Hamlet ( Hamnet og Hamlet er tilsvarande navn). Slutten av filmen skildrar korleis sorga kan lindrast gjennom kunsten framstilt ved at Agnes og brorens ser framføringa av tragedien Hamlet for første gong. Hamlet- Shakespears mest kjente drama og det mest meiningstunge med eit vidt perspektiv av fortolkingar. Ikkje minst rundt  dei store spørsmål i livet, karakteristisk nok ligg nesten alle dei sentrale karakterande døde når siste scene sluttar. 

Shakespears sonetter handlar og om dei store spørsmål i livet,sjølvsagt kjærleiken men vel så mykje tida og døden som alltid ligg truande i bakgrunnen, også dei stunder der diktaren uttrykkjer: « Shall I compare thee to a summer’s day» for lenger ut i diktet « And summer’s lease hath all too short a date» (sonett 18).For tida er nådelaus: « That Time will come and take my love away./This thought is as a death, which cannot choose/But weep to have that which it fears to lose.» ( sonett 64)Vi veit ikkje kven som først skal gå bort, ein sjølv eller den og dei ein elskar: « Or I shall live your epitaph to make/Or you survive when I in earth am rotten».Men  kunsten kan likevel nå utover tida og døden: « Your monument shall be my gentle verse,/Which eyes not yet created shall o’er- read.» (sonett 81) Sonett 60 som er ein av dei meste kjente sluttar på same måte etter å ha skildra tida som utan nåde « Like as the waves make towards the pebbled shore/ So do our minutes hasten to their end», men det er håp for: «And yet in hope my verse shall stand/ Praising thy worth, despite his cruel hand.»




lørdag 14. mars 2026

Velsigning av mor før fødsel

 Eg var ikkje klar over det, men i bønneboka finn vi heile ritualet for «Velsignelse av en mor før fødsel.» Vi var så heldige å få vera med på det for to veker sidan i St.Svithun. Det er litt over termin og den vesle let venta på seg, men det kjennest trygt å ha fått med denne velsigninga frå pater Pål Bratbak.

« Gud er Herre over alt liv.Han kjenner hver enkelt av oss og leder oss ved sitt forsyn.Når et nytt liv fødes i en kristen familie, ser vi også med tro frem til den guddommelige livets gave som dette barn vil motta i dåpens sakrament. Det er dette vi vil uttrykke i velsignelsen av den vordende mor.Vi ber om at hun må se frem til fødselen med tro og håp, og at hun allerede nå må ha en mors kjærlighet til det barn hun bærer.»

Skriftlesning: Luk 1.39-45. Marias vitjing hos sin slektning Elisabet

Velsignelsen: «Herre,vår Gud, menneskeslektens skaper, din Sønn lot seg føde av Jomfru Maria ved Den Hellige Ånds kraft.Slik skulle han frelse og gjenløse menneskene ved å betale arvesyndens gjeld.Velsign denne din tjenerinne og ta nådig imot hennes bønn.Hun ber deg ydmykt for barnet hun skal føde, at det må være velskapt og friskt. Gi henne en lykkelig forløsning. La barnet hun føder, bli opptatt blant de troende, tjene deg i alt og vinne det evige liv. Ved Kristus vår Herre.»

Sub tuum praesidium

Under ditt vern tar vi vår tilflukt,

Hellige Guds Mor.

Ta nådig imot de bønner vi ber i våre trengsler,

og frels oss fra alle farer.

Du evige jomfru, velsignet og herlig.




lørdag 7. mars 2026

Nye katolikkar i påska

 Frå bispedømme i mange land blir det meldt om rekordmange som vil bli ein del av Kyrkjas fulle fellesskap denne påska. Tradisjonelt har påskenatts messa vore tidspunkt for dåp av vaksne og opptak av konvertittar som tidlegare er døypt i andre kyrkjesamfunn. Dei som har meldt seg no har gått igjennom opplæring i Kyrkjas praksis og tru over 1-2 år og avlagt skriftemål før dei påskenatt får del i sakramenta , dåp, ferming og første kommunion. Dei blir støtta av fadrar og heile meinigheiten denne gledesfylte kvelden!

I Frankrike blir det meldt om 20.000 kandidatar, det er ein markert stigning frå 4000 i 2015. I Paris er det nær 800, tilsvarande i byar som Lyon, Toulouse, Orleans, Rennes og Versailles. Over alt ein markert auke dei siste åra.Biskop i Pontoise Benoît Bertrand uttaler at dersom dette held fram vil det i løpet av dei neste fem åra forandra våre kristne fellesskap fundamentalt, dei nydøypte vil « evangelisera oss» gjennom sin iver og evne til å uttrykkja trua i notidas kultur.

Tidsskriftet «The Tablet» melder om ein tilsvarande trend i England. Det høgste antallet dåpskandidatar både i Londons bispedømmer, og i mellom anna Birmingham og Manchester.Enkelte menigheiter opplever opptil 60 prosent auke i nye medlemmer. Det har vore fokus på unge og konservative menn som vender seg mot kristendomen, men i til dømes Soutwark var det eit fleirtal kvinner. Dei fleste er under 35 og utan tidlegare kristen bakgrunn. Men det er ikkje for seint sjølv om ein er over 80, den eldste kandidaten i England er 88 år!

Erkebiskop Richard Moth  uttaler: « Cathecumenes  and candidates you have heard the gentle promtings of the Holy Spirit. Your presence here is a sign of your respons to Gods call. Your response is an example to us all.»

Kyrkja har ikkje teke noko spesielt initativ som kan forklara denne trenden. Mark Davies, biskop i Shrewsbury : «It’s all the more remarkable because this new generation of converts have been drawn to the Church by no special initative on our part, rather by the constancy of faith, the reverence of worship and the authentic witness they have found.»

Vi har sett ein tilsvarande utvikling i Norge, om enn i mindre omfang enn i England, Frankrike,USA og Australia. Vi har all grunn til å vera takksame for dette, ta i mot dei nye med opne armar og forbøn.



fredag 27. februar 2026

Den salige Leonella

 Den italienske ordenssøstera Leonella Sqorbati ( 1940 - 2006)vart saligkåra  26. mai 2018. Ho vart erklært som martyr - in odium fidei ( av hat til trua) året før. Som martyr krevst det ikkje mirakel for å bli saligkåra, bare for det siste steget  i prosessen - heilagkåringa. Leonella var navnet ho fekk som ordenssøster, døypenavnet var Maria Rosa. Ho kom frå Gazzola i Nord- Italia, men familien flytta til Milano då ho var heilt ung.Mora var ei from kvinne som nok påverka den livsvegen ho valgte. Alt i 1952 skal ho ha følt på  at « Herren budde i henne» og eit kall vaks fram.I 1963 slutta ho seg til ordenen « Misjonærer av Consolata», ein orden som vart grunnlagt i Torino av Josef Allamano på byrjinga av 1900- talet.Navnet viser til Det lauretanske litani der det står: « Consolatrix afflictorum, ora pro nobis»( Du sorgfulles trøster be for oss) Ordenen driv misjonsarbeid i ei rekke land og har både ei mannleg og ei kvinneleg grein. På slutten av 1960 talet utdanna ho seg til sjukepleiar og jordmor, ho avla evige løfter i 1972. Etter det var ho i Nairobi i Kenya, der ho arbeidde med å oppretta sjukepleiar- utdanning. Ein periode var ho leiar for ordenen i Kenya. Ho gjorde eit sterk inntrykk på alle som møtte henne.

Frå 2001 byrja ho å pendla mellom Kenya og Mogadishu i Somalia for om mogleg å bygga opp ein sjukepleiar- utdanning også der. På denne tida var Somalia eit land prega av kaos og vald, søster Leonella hadde heile tida med seg væpna livvakt.Ei rekkje misjonærar og hjelpearbeidarar hadde tidlegare blitt drept av ekstremistar,Leonella var fullt klar over den risikoen ho var utsett for ved å opphalda seg i Somalia som ordenssøster. 13. september 2006 kom ho tilbake til Somalia frå Kenya, 17.september vart ho og hennar somaliske livvakt utsett for eit væpna åtak, livvakten døydde med det same, Leonella døydde på operasjonsbordet eir par timar seinare. Hennar siste ord skal ha vore: « Perdono - eg tilgjer.»

Det vart spekulert i om det var ein samanheng mellom pave Benedikts «Regensburgforedrag» og attentatet på søster Leonella. Paven hadde i foredraget kome med eit sitat som var misoppfatta og førte til valdelege reaksjonar i fleire muslimske land.

Sr. Leonella vart gravlagt i Kenya. Etter kort tid vart det starta ein saligkåringsprosess. Ho vart erklært som martyr og venerabilis - ærverdig i 2017, og 26. mai året etter som salig.Minnedagen er 17.september.

                                                 Salige Leonella be for oss!


                                                  Foto: Consolata missionary sisters


lørdag 21. februar 2026

Servant of God Thea Bowman

 Eg oppdager stadig nye og spennande personar og lagnader. Den siste er Bertha Elisabeth Bowman,med klosternavnet Thea. Ho hadde afroamerikansk bakgrunn og vart fødd i Yazoo city i Mississippi i 1937.Bestefaren var fødd som slave, faren var lege, mora lærar, og Thea var deira einaste barn. Familien var metodistar, men Thea gjekk på katolsk skule som var dreve av fransikanersøstre. På denne tida var landet prega av raseskilje som gjekk like inn i dei kristne forsamlingane,men fransikanersøstrene dreiv sitt arbeid både blant kvite og farga.Alt som niåring ønskte ho å bli døypt katolsk og foreldrene gjekk med på det.Inspirerte av fransiskanersøstrene  følte ho tidleg på eit klosterkall, og lik Thérèse frå Lisieux gjekk ho som 15 åring inn i ordenen Fransciscan Sisters of Perpetual Adoration. Den unge og modige Thea måtte då dra heilt til La Cross i Wisconsin, langt frå barndomsheimen. Faren hadde nok heller sett at dattera tok ei lengre utdanning, men det gjorde ho likevel. Thea studerte engelsk og fullførte i 1972 sin ph.d om Thomas Moore. Thea hadde mange evner, ho var talefør og ikkje minst svært musikalsk. Det siste utnytta når ho framheva at: « Black sacred song is soulful song.»

Thea Bowman verka lenge som lærar både i grunnskulen og seinare på universitetsnivå.Siste del av livet  var ho meir direkte involvert i meinigheitsarbeid retta mot afroamerikanske katolikkar. Ho var ein inpirerande talar og foredragshaldar med sitt «ministry of joy», også langt utover USA sine grenser i Europa og Afrika. I 1984 fekk ho brystkreft og døydde av det i 1990. Også etter ho var sjukdom stod ho på det ho klarte, karakteristisk nok talte ho til alle dei amerikanske biskopane kort tid før ho døydde. Til slutt leia ho dei felles song av « We shall overcome». Søster Thea Bowman har betydde svært mykje for katolisismen i USA, ikkje minst for katolikkar med afroamerikanske bakgrunn. I 2018 vart det starta ein saligkåringsprosess og ho vart erklært som «Servant of God». Dokumentasjonen er nylig oversendt Vatikanet. Ei rekkje katolske institusjoner har navn etter henne.

« What does it mean to be Black and Catholic? It means that I bring myself my Black self. I bring my whole history, my traditions, my experience, my culture, my African- American song and dance and gesture and movement and teaching and healing and responsibility as a gift to the Church.»

                                                         Foto: catholic prayer card

« Walk with us Don’t walk behind us and don’t walk in front of us. Walk with us.»

onsdag 18. februar 2026

Påske

 Askeonsdag og inngongen til fastetida der vi ser fram mot lyset og oppstoda gjennom påskemysteriet. Vi får alle eit konkret merke i form av askekorset som prester teiknar på panna med orda” Vend om og tro på Evangeliet.”

I går såg vi skodespelet “Påske” av den store svenske diktaren August Strindberg( 1849-1912). Veldig fin framføring i Kilden her i Kristiansand. Det slår meg kor aktuelt dette stykke er, både no når vi ser fram mot påske, og ikkje minst det dagsaktuelle som har prega media i det siste. Strindbergs liv var turbulent og konfliktfylt, då han skreiv «Påske» over eit par veker hausten 1900 hadde han vore igjennom ein dramatisk psykisk nedtur som han beskriv som inferno- krisa. Så er han likevel istand til å skriva dette stykket prega av forsoning og optimisme.Handlinga utspelar seg over tre dagar i påskeveka, frå skjærtorsdag til påskeafta. Vi føl familien Heyst gjennom desse tre dagane, ei reise frå mørke og fortviling til lys og von. Faren er fengsla for underslag og svindel, han har mellom anna tatt pengar frå foreldrelause barn som han var verge for. Familien føler seg truga av kreditoren Lindkvist som med rette kan kreva det faren har svindla han for. Sonen Elis er den som tek dette mest innover seg, han føler også sjølv skuld for det faren har gjort. Så dukkar den psykisk sjuke dattera Eleonora opp, ho har rømt frå institusjon der ho var innlagt. På vegen er ho innom ein forretning og tar med seg ei påskelilje som ho legg ned pengar for, men urettmessig blir klaga for å ha stole.Trass i sin sjukdom og sjokket ved å bli klaga for tjuveri ber ho med seg  såvel klokskap, von og omsorg for andres liding. Modellen for Eleonora var sannsynlegvis Strindbergs søster Elisabeth som også var innlagt med alvorleg psykisk sjukdom. Strindberg skreiv i eit brev at Elisabeth var «påskflickan» som « led för andra, men tog upp andras ondskap i seg.»

I « Påske» har Strindberg rørt seg frå naturalistisk prega verk til litteratur med religiøst og symbolsk innhald. «Påske» er eit pasjonsspel der Strindberg flettar handlinga inn i påskedaganes damaturgi. Langfredags mørke leiar fram mot påskeafta med oppstode, lys og von. I stykket symbolisert ved Lindkvist som oppsøkjer familien og vel å ettergje det han rettmessig kunne krevja. Strindberg løftar  her fram det store dilemmaet i såvel rettsoppgjer som i mellom menneskeleg samhandling, balansen mellom rettvise og miskunn. Lindkvist vel å visa miskunn og gjev dermed rom for nåden - nåden som vi får gratis og ufortent og som er kjernen i påskebodskapen.










mandag 2. februar 2026

Kyndelsmesse

 Idag 2. februar feirar vi det som i gammal norsk tradisjon vert kalla Kyndelsmesse- lysmesse.  Dagen vart alltid avmerka på primstavar med ulike symbol, eit grantre, ei krune eller lysestake.  Dagen har vorte markert sidan firehundretalet, pilegrimen Egeria skildrar denne dagen på si reise til Jersusalem. Tidlegare vart dagen markert som ein Maria dag, Marias rensing som var ein skikke etter Moselova der ein skulle bera fram eit offer i Tempelet. Etter Lukasevangeliet møter Den heilage familie den gudfryktige mannen Simeon og profetinna Anna. Simeon istemmer det som seinare er kjent som “ Nunc dimittis” - Simeons lovsong som avsluttar den siste tidebøna Kompletorium. Etter liturgireformen i 1969 er dét offisielle navnet på dagen”Herrens framstilling i Tempelet”. Dagen er ein Kristusfest nær knytta opp til inkarnasjonens mysterium.


Simeons lovsong

29 «Herre, no lèt du tenaren din fara herifrå i fred,

slik som du har lova.


30 For mine auge har sett di frelse,

31 som du har gjort i stand like for andletet på alle folk,


32 eit lys til openberring for folkeslaga

og til ære for folket ditt, Israel.»

                                    ( Store norske leksikon)



torsdag 29. januar 2026

Nordens apostel

 3.februar er minnedagen for Den heilage Ansgar, også kjent som Nordens apostel. I år er det 1200 år sidan hans første misjonsreise til Danmark i 826, det innleia kristninga av landet. Jubileums feiringa vart innleia med ei økumenisk gudsteneste i domkyrkja i København som er kjent som St.Ansgar domkirke. Kardinal Parolin leia sermonien, saman med han var biskopar frå heile Norden og Tyskland,dessutan mange prestar.Dette er nok mest eit dansk jubileum, Sverige vitja han på misjonsreiser to gonger, men han kom aldri til vårt land.Under sermonien uttrykte erkebiskopen av Hamburg støtte til Danmark og Grønland, noko som vakte stor begeistring!

Den heilage Ansgar vart fødd i Corbie i det nordøstre Frankrike, han var av adeleg familie og gjekk tidleg inn i benediktinarordenen og fekk si utdanning der.Han er kjent som Nordens apostel, skytshelgen for Skandinavia og for bispedømmet Hamburg-Bremen.

Den landflyktige danske kongen Harald Flak let seg døypa saman med kona og eit hundretals følgjarar i 826. Kongen bad om misjonærar som kunne følgja til Danmark og utbreia evangeliet. Keisaren foreslo Ansgar og ein medbror. Dei drog til Danmark og dreiv misjon ved Hedeby ei kort stund, men måtte så dra tilbake til Tyskland. Dette var første misjonsforsøk i Danmark, og arkeologiske utgravingar tyder på at det har vore kristne i Danmark frå denne tida. I år markerar vi altså 1200 jubileet for dette. I 830 dreg Ansgar til Birka ved Mälaren etter oppfordring frå kong Bjørrn på Haga. Det var då bygd ei kyrkje her. I 832 finn vi så Ansgar i Roma der han får paveleg godkjenning av utnevninga til erkebiskop og med ansvar for misjon i dei nordiske landa.I 850 gjer han på ny ei misjonsreise til Sverige, og er også innom Danmark.

Tilbake i Tyskland er han aktiv med å grunnleggja kloster, skular og sjukehus, men som mange av dei store helgenane har han ei sterkt indre liv i bøn og meditasjon. Hans store ideal er Den heilage Martin av Tours. Ansgar vart ikkje martyr som han hadde tenkt, men døyr fredeleg i Bremen 3. februar 865. Han vart sett på som ein heilag mann, og helgenkåra lokalt nokre år seinare. Danmark vart først kristna 100 år seinare under kong Harald Blåtann, men grunnlaget for dette var lagt av Ansgar. Ansgar kom aldri til Norge, og vårt land vart kristna først på 1000 talet.Det vart ingen utbreidd kult med utgangspunkt i Den heilage Ansgar, og få kyrkjer er vigd til han. I Norge er det bare St.Ansgar katolske kyrkje i Kristiansand. Dette er likevel ei viktig markering, det var den første spede byrjinga til overgangen  frå heidendom til eit kristent samfunn i Norden.Femhundre år seinare fekk vi Reformasjonen og med det ei tragisk splitting mellom katolske og protestantiske kristne. Kardinal Parolin la i si preike i København særleg vekt på det økumeniske aspektet ved denne markeringa. Han peika på at :” Kirken er ikke en organisasjon vi har oppfunnet, men en levende virkelighet som vokser gjennom Den hellige Ånds virke.”

Heilage Ansgar be for alle kristne i Norden!



                                     St.Ansgar katolske kyrkje i Kristiansand

tirsdag 27. januar 2026

Aldri gløyme

 I dag 27. januar markerer vi den internasjonale Holocaust dagen. På denne dagen i 1945 nådde dei sovjetiske soldatane utryddingsleiren Auschwitz og verda fekk innblikk i Nazi- Tysklands brutale handlingar mot dei europeiske jødane, men og andre minoritetar som romfolk og homofile. Holocaust er på mange måtar ei unik hending i historia, både i  sitt store omfang og måten det blei planlagt og utført på. Dagen blir markert i mange europeiske byar også i vårt land. Statsminister Støre talt på markeringa ved Akershus der norske jødar vart sendt frå på lasteskipet Donau november 1942, dei fleste kom aldri tilbake. Knapt noko overlevande er igjen i dag, vi har ikkje lenger førstehands vitne til desse grusomme handlingane. Desto viktigare er det å aldri gløyma, å gong etter gong å påpeika dette som skjedde for over 80 år sidan. Jødehatet har djupe røter i Europa, det blussar opp med jamne mellomrom. I dag ser vi at antisemittismen aukar både i USAog Europa, utløyst av terroraksjonen mot Israel 7. oktober for over to år sidan og den brutale krigen som følgd. Det var den største massakren på jødar etter Holocaust og gjorde utan tvil eit rystande inntrykk på alle jødar.Krigen som følgde var nådelaus og brutal, det er vanskeleg å støtta den eine eller andre sida. Det verkar håplaust! Likevel er det viktig å ikkje gløyma, å forsvara menneskeverdet enten det er jødisk eller palestinsk. For ikkje å gløyma har vi forfattarar som prøver å setja ord på det som ikkje kan settast ord på, ein Primo Levi, ein Paul Celan.Her diktet Ospetre i “Valmue og minne” av Paul Celan:

OSPTRE, i mørket blinker løvet ditt hvitt.

Min mors hår ble aldri hvitt.


Løvetann,Ukraina er så grønt.

Min blonde mor kom ikke hjem


Regnsky, nøler du ved kilden?

Min stille mor gråter for alle.


Runde stjerne, du slynger den gyldne sløyfen.

Min mors hjerte ble såret av bly.


Eikedør, hvem løfter deg av hengslene?

Min milde mor kan ikke komme.



                                    April 2017. Vi vitjar konsentrasjonsleiren Auschwitz.Sterke inntrykk.









søndag 18. januar 2026

The context of holiness

 “The context of holiness” av karmelittbroder Marc Foley ocd kom i 2008, og er ein andeleg og psykologisk analyse av Thérèse av Lisieux’s liv frå barndommen til ho døydde i klosteret bare 24 år gammal. Eg las bok for eit par år sidan og på nytt no, det gjev eit spennande og tankevekkande perspektiv på denne unike lagnaden! 

Det andelege er ikkje ein avgrensa sfære i livet vårt, det er vårt svar på Guds kall, eit svar  forma av såvel den kroppslege og psykologiske, som den sosiale og emosjonelle dimensjonen i vår jordiske eksistens. Slik er det for oss og slik var det og for Thérèse. Ho var på mange måtar eit emosjonelt skadd barn framfor alt  pga. av tap av nære omsorgspersonar og den sorgprosessen som følgde. Ei amme tok seg av henne det første leveåret, ho knytte seg naturleg nok til henne, og det var ei traume då ho som eittåring kom tilbake til sin biologiske familie. Nytt traume følgde tre år seinare då mora Zelie døydde av brystkreft. Etter dette braut faren opp med familien og flytte frå Alencon til Lisieux. Thérèse knytte seg tett til søstera Pauline som var som ei mor for henne,eit nytt traume venta då Pauline vart karmelittnonne. Dei fire døde småsøskena låg nok og som ei uutalt tyngsle i familien. Thérèse var eit følsomt og sjenert barn som lett tok til tårene, ho var engsteleg og det vi ville kalla klengete.I tiårs alder blei ho alvorleg sjuk, med vår tids blikk vil nok karakterisera det som funksjonelt eller “ psykosomatisk “. Ho skal ha blitt brått lækt, og tilskreiv det forbøn av Notre Dame de Victoire som ei kyrkje i Paris er vigd til.

Som sikkert nokså umogen 15 åring fekk ho løyve til å gå inn i karmelittklosteret i Lisieux. Ho bar med seg sine barndomstraume, ikkje minst i form av skrupler og redsle for å ha synda alvorleg trass i skriftefarens klare utsagn om at ho aldri - aldri hadde synda alvorleg. Livet i klosteret var ikkje lett, Thérèse var lite praktisk, ho hadde dårleg stemme, sovna som oftast under indre bøn, og på slutte av livet gjekk ho inn i eit djupt indre mørke med sterk tvil på eit liv etter døden. Då ho var død, lurte dei andre nonnene på kva priorinna skulle seia om henne, for det var jo absolutt ingenting ekstraordinært å minnast Thérèse for. Dei kunne ikkje ha teke meir feil!

Marc Foley analyserer alle desse aspekt ved Thérèses liv med referansar til både psykologi, teologi og skjønnlitteratur. Han konkluderer med at for Thérèse var dei emosjonelle såra frå barndomen ikkje ein hindring for andeleg vekst, men derimot den konteksten der ho kunne gradvis bli meir heilaggjort.På same måte er ikke tvil og bønne- tørke ei hindring men den samanhengen som trua blei  modna i. “ For når vi held fram med å gjera Guds vilje utan emosjonell støtte, vil vår kjærleik til Gud og vår neste verta rensa og veksa.” Gud kan nytta alt i våre liv til andeleg vekst såvel våre traume og det vi mislukkast med som det vi tilsynelatande fekk til !

( Marc Foley ocd The Context og Holiness. ICS Publication. Washington DC . Revised Edition 2020)







torsdag 15. januar 2026

Poetica: Gjennomreise

 

Gjennomreise

Bon voyage min ven

du som eig forventningas uro

og gledas draumar.

Kort stopp der du stig på

utan reisefølge, kart og bagasje.

Hels dei du møter

eit blikk, eit smil, eit ord

djupast  i minne som lyset frå byar

du dreg forbi.

For dette er gjennomreisa

der du sjølv teiknar  reiseruta

utan visse om kven som løyste billett.

Men lyset du ber vart tent

for lenge sidan

og skal ikkje sløkkast

når reisa er forbi.

God reise, min ven

aldri åleine!



Ulf Ekman

 Den svenske teologen og tidlegare predikanten i pinsemenigheten Livets Ord Ulf Ekman  fylte nyleg 75 år. Det vart markert mellom anna med eit lengre intervju i svenske Dagen, gjeve att  i Vårt Land. Ulf Ekmans livsreise og trusreise har vore utanom det vanlege. Han studerte teologi og vart i utgangspunktet vigd til prest i Svenska Kyrkan.I 1983 vende han seg i ei meir karismatisk retning, og grunnla Livets Ord etter mønster frå amerikanske karismatiske megakyrkjer. Mange vart tiltrekt av dette fellesskapet med lovsong, tungetale, og nådegåver med særleg vekt på lækjedom gjennom bøn og handspålegging. Enno fleire var nok skeptiske til denne formen for kristendom, som utan tvil hadde mange uheldige sider. Det innrømmer også Ulf Ekman i ettertid, og han funderar over kva resultatet hadde vore om Livets Ord hadde vakse fram i ein større og meir fasttømra kyrkjeleg samanheng ? På den andre sida var det mange som fann fram til ei levande tru gjennom Ulf Ekmans forkynning i dei tredve åra han var aktiv som leiar av Livets Ord. I 2014 sjokkerte han store deler av kristenfolket med å stå fram som nykonvertert katolikk saman med kona Birgitta. Er det ikkje katolisismen og den karismatiske rørsla som utgjer ytterkantane i det kyrkjelege landsskapet ? Likevel fann Ulf Ekman sin plass her, det var nok vel gjennomtenkt og han har både skriva  bok om det og formidla det i podkastar. Men kanskje er ikkje avstanden så stor, Ekman peiker på at både som protestant og katolikk " handler det om å løfte fram evangeliet om Jesus Kristus." Som 75 åring har han funne sin plass, og seier i det før nemnde intervjuet at han  trivest veldig god i Den katolske Kyrkja. Han er også no oppteken av evangelisering, å nå ut med bodskapen om frelse. Men han uttrykkjer at det kanskje ikke er masse-evangelisering der tusenvis er samla som gjev det største resultatet, det vil alltid bli eit problem med oppfølging av dei frøa som vert sådd. Ulf Ekman har i dag meir tru på det personlege og nære møtet mellom mennesker, "vennskaps-evangelisering er den meste effektive måten å vinne mennesker for Gud." I eit foredrag nevner han at svært mange av dei 7000 som vart døypte påskenatt i Frankrike framhever vitenmålet til ein ven som grunn til at dei fann fram til ei kristen tru !

I 2024 hadde eg gleda av å bli kjent med Ulf og Birgitta Ekman på det katolske  arrangementet Misjon 2030 i Trondheim der vi diskuterte evangelisering fram mot 1000 års jubileet for kristninga av Norge i 2030.Eg deltok i panel saman med Ekman og biskopen Erik, leia av Eivor Oftestad. I sitt innlegg framheva Ulf Ekman at den beste måten å evangelisera er gjennom vennskap. I mitt innlegg påpeika eg  kor viktig det er at vi følger opp dei unge som søkjer Den katolske Kyrkja også etter at dei er ferdig med truskurset og har konvertert.



Misjon 2030 i Trodheim våren 2024


fredag 2. januar 2026

Den heilage Eystein Erlendsson

 

St. Eysteins og St. Eysteins presteseminar

En dag på midten av 1100 tallet er den unge trønderen Eystein Erlendsson på veg sørover. Han ber på et prestekall og har begynt på utdannelsen i Nidaros, men som så mange prestestudenter etter han helt opp til vår tid, måtte han dra utenlands for å fullføre studiene. Eystein dro sannsynligvis til Paris. Det var ikke hans siste store utenlandstur, omkring 1160 dro han til Roma for å bli utnevnt av paven til erkebiskop av Nidaros, en stilling han hadde frem til sin død 26. januar 1188. Eystein ble en av de mest fremtredende personer i norsk kirkehistorie, grunnlegger av kirker, kloster og hospital og ikke minst en pådriver for Olavstradisjonen. Etter sin død ble han i 1229 helgenkåret av de norske biskopene, men tross en rekke forespørsler og kommisjoner ble han aldri formelt kanonisert av paven. Eystein kom nok i skyggen av de mer kjente norske helgenene. Sigrid Undset tok på 1930 tallet initiativ til en støttegruppe for prestekall med navn etter St. Eystein. En raskt økende katolsk befolkning og behov for prester til å betjene dem førte til at biskopen i 2006 opprettet det første norske presteseminaret som naturlig nok fikk navn etter Den hellige biskop Eystein. Utdannelsen skjer i samarbeid med Det teologiske menighetsfakultet og fører der frem til en mastergrad. Underveis er det også utveksling med det pavelige universitet Angelicum i Roma. I det siste har vi sette en økning i prestekall, og biskop Fredrik har opprettet et eget kallsteam bestående av han og tre erfarne prester. For som han uttrykker det: «Uten prester ingen eukaristi og intet skriftemål.» Hva kan vi så bidra med? Økonomisk støtte og ikke minst bønn om kall og forbønn for prestestudentene. «Kall er Guds svar på våre bønner» sier biskop Bernt.

(St. Ansgar nytt januar 2026)


                                                 

                                                                 billede: sankteystein. org

torsdag 1. januar 2026

Godt nytt år

 Første nyttårsdag er ein viktig kyrkjeleg høgtidsdag, vi feirar Jomfru Maria som Guds heilage Mor - Theotokos. Dette vart fastslege på  det tredje økumeniske konsilet i Efesos i 431. Bakgrunnen var den kristologiske striden mellom Nestorius av Konstantinopel og Kyrillos frå Alexandria. Konsilets syn  var at Maria var Theotokos avdi hennar son Jesus er ein person som er  både guddommeleg og menneskeleg. Uttrykket Theotokos seier dermed primært noko om kva Jesus er. Det er ein referanse til inkarnasjonenen der den andre personen i Treeininga tek på seg den menneskelege natur ved Marias ja i tillegg til den guddomelege som han har frå evighet av. Denne dagen feirar vi og som oktavdagen til minne om Jesu omskjering og dermed også hans navnedag. Pave Paul VI innførte dagen Verdas fredsdag. Maria som fredens mor!

Dagens tekst:

Evangelium

De fant både Maria og Josef, og barnet. Da åtte dager vår gått, gav de ham navnet Jesus.

På den tid skyndte gjeterne seg inn til Betlehem og fant både Maria og Josef, og barnet som lå der i krybben. Og da de hadde fått se det, fortalte de alt som var blitt sagt dem om barnet. Alle som hørte det, undret seg storlig over det gjeterne fortalte. Men Maria gjemte på det alt sammen og grunnet på det i sitt hjerte. Men gjeterne vendte tilbake, mens de sang Guds lov og pris for alt de hadde fått se og høre. For alt var gått slik som det var blitt sagt dem.

Da åtte dager var gått, og gutten skulle omskjæres, gav de ham navnet Jesus – det navnet engelen hadde gitt ham før han ble unnfanget i sin mors liv.



Be for oss Guds heilage Mor!