Det dukkar stadig opp nye helgenkandidatar. Nyleg vart det i bispedømmet Worchester i USA teke eit første initativ til ein saligkåringsprosess for Ruth Pakaluk. Ho hadde protestantisk bakgrunn,men som ung rekna ho seg som ateist og var ivrig forkjempar for kvinners rett til abort. Under studietida på Harvard møtte ho Michael Pakaluk, han kom frå ein katolsk familie men var ikkje lenger truande. Saman søkte dei sanninga og byrja etter kvart å gå til katolsk messe. Michael fann tilbake til Kyrkja og Ruth vart ein del av Kyrkjas fulle fellesskap julafta 1980.Ruth vart sterkt engasjert i Kyrkja både med katekese og ikkje minst i « pro- life» rørsla. Frå å vera forkjempar for abort vart ho forkjempar for det katolske synet på retten til liv. Ho og Michael fekk etter kvart seks barn, ein gut døydde i krybbedød. I nabolaget var ho den omsorgsfulle som tok seg av store og små .Som alle helgenkandidatar var ho fokusert på Eukaristien og gjekk dagleg til messe, ho levde og eit intenst indre bønneliv. I 1991 får Ruth påvist brystkreft, det hindrar på ingen hennar engasjement, heller ikkje mot slutten av livet då ho lever med spreiing og store smerter. Ho døyr 25.september 1998, bare 41 år gammal.
Var Ruth Pakaluk ein helgen? Tilsynelatande levde ho ei vanleg liv med eit engasjement ikkje ulikt mange andre unge mødre i Kyrkja. Det var ikkje ekstraordinære fenomen knytt til livet hennar, men ho var ei from kvinne som dagleg praktiserte si katolske tru med stort alvor. Det var sagt at ho praktiserte det ordinære på ein ekstraordinær måte. Det er ein lang veg fram til kanonisering - heilagkåring og kanskje når Ruth Pakaluk aldri der. Men kanskje er det truande som henne vi treng i åra som kjem, tilsynelatande som alle andre men med ei sterk tru næra av Eukaristien som drivkraft for sitt engasjement for andre.
Foto: EWTN News.
«To give life and to defend it. To have faith and to spread it. To be gifted, and to freely give of those gifts.»

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar