onsdag 18. februar 2026

Påske

 Askeonsdag og inngongen til fastetida der vi ser fram mot lyset og oppstoda gjennom påskemysteriet. Vi får alle eit konkret merke i form av askekorset som prester teiknar på panna med orda” Vend om og tro på Evangeliet.”

I går såg vi skodespelet “Påske” av den store svenske diktaren August Strindberg( 1849-1912). Veldig fin framføring i Kilden her i Kristiansand. Det slår meg kor aktuelt dette stykke er, både no når vi ser fram mot påske, og ikkje minst det dagsaktuelle som har prega media i det siste. Strindbergs liv var turbulent og konfliktfylt, då han skreiv «Påske» over eit par veker hausten 1900 hadde han vore igjennom ein dramatisk psykisk nedtur som han beskriv som inferno- krisa. Så er han likevel istand til å skriva dette stykket prega av forsoning og optimisme.Handlinga utspelar seg over tre dagar i påskeveka, frå skjærtorsdag til påskeafta. Vi føl familien Heyst gjennom desse tre dagane, ei reise frå mørke og fortviling til lys og von. Faren er fengsla for underslag og svindel, han har mellom anna tatt pengar frå foreldrelause barn som han var verge for. Familien føler seg truga av kreditoren Lindkvist som med rette kan kreva det faren har svindla han for. Sonen Elis er den som tek dette mest innover seg, han føler også sjølv skuld for det faren har gjort. Så dukkar den psykisk sjuke dattera Eleonora opp, ho har rømt frå institusjon der ho var innlagt. På vegen er ho innom ein forretning og tar med seg ei påskelilje som ho legg ned pengar for, men urettmessig blir klaga for å ha stole.Trass i sin sjukdom og sjokket ved å bli klaga for tjuveri ber ho med seg  såvel klokskap, von og omsorg for andres liding. Modellen for Eleonora var sannsynlegvis Strindbergs søster Elisabeth som også var innlagt med alvorleg psykisk sjukdom. Strindberg skreiv i eit brev at Elisabeth var «påskflickan» som « led för andra, men tog upp andras ondskap i seg.»

I « Påske» har Strindberg rørt seg frå naturalistisk prega verk til litteratur med religiøst og symbolsk innhald. «Påske» er eit pasjonsspel der Strindberg flettar handlinga inn i påskedaganes damaturgi. Langfredags mørke leiar fram mot påskeafta med oppstode, lys og von. I stykket symbolisert ved Lindkvist som oppsøkjer familien og vel å ettergje det han rettmessig kunne krevja. Strindberg løftar  her fram det store dilemmaet i såvel rettsoppgjer som i mellom menneskeleg samhandling, balansen mellom rettvise og miskunn. Lindkvist vel å visa miskunn og gjev dermed rom for nåden - nåden som vi får gratis og ufortent og som er kjernen i påskebodskapen.










Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar