Langfredag er den einaste dagen i året der det ikkje vert feira katolsk messe, men vi har den den sterke langfredagsliturgien med fokus på Krist liding og død på korset. Lesningar frå Jesaja, Hebrearbrevet og heile lidingshistorien frå Johannes evangeliet, ti forbøner, hylling av korset og kommunion med brød og vin frå Skjærtorsdag. Mellomalder hymnen Stabat Mater framført i orginal versjon av koret, eg gjev den att i nynorsk versjon under. Etter gudstenesta økumenisk korsvegs vandring i Kristiansand sentrum, noko som har blitt ein fast tradisjon. Dei 14 stasjonane der vi føl Kristus på Via Dolorosa til Golgata, i år vart tekstlesing og bønner understreka av at alle vart våte og kalde!
1Standande i gråt og kvida / Herrens mor ser Sonen lida / høgt på kross og skjemdartre.
2Skjelvande, til dauden såra / og av sverdet gjenombora / stend ho i sin hjarteve.
3Ingi sorg er tung som denne / ingen hev so djupt fått kjenne / liding som Guds fagna mor.
4Men hjå Sonen vil ho vera / og med honom liding bera / til hans siste sukk på jord.
5Kan det nokon utan tåre / sjå ho i si liding såre / bogna under krossen ned –
6Kan det nokon hegda gråten / når han ser ho, jammerbroten / luta under pinsletre.
7All vår synd låg på den eine, / krossen tyngde på den reine, / han som utan synder var.
8Bøygd av sorg ho såg han lida / og i dauden eismal* strida; / djupt i sjeli sverdet skar.
9Kjærleiks kjelde, moder milde, / eg so gjerne gråta vilde / attmed krossen hans med deg!
10Lat din kjærleik i meg strøyma / so din son eg kan kje gløyma, / og han kjennast vil med meg.
11Sæle mor, vil du det gjera, / at i hjarta eg fær bera / her på jord min Frelsars sår?
12Mine synder hev han sona, / lat meg fylgja deg og vona / at til krossen hans eg når.
13Lat meg blandt hans vener finnast, / all hans ynk og liding minnast / medan eg på jordi fer.
14Lat meg attmed krossen standa, / tårone med dine blanda / til eg kjem hans hjarta nær!
15Møy, du reinaste av alle, / som deg her Guds mor fekk kalle, / vil du høyra bøni mi?
16Lat meg her hans liding bera / og i liv og daude vera / med deg i din tunge strid!
17Um av såri då eg bløder, / er det livsens flod som fløder / frå hans kross og hjarteblod.
18Når eg fer frå jordheims aude, / lat di bøn frå dom og daude / fria meg, ver då meg god!
19Kristus, lat på himmelstrender / hennar milde moderhender / retta meg min sigerpris!
20Ja, når moldi av skal siga, / lat då sjeli upp få stiga / til ditt sæle Paradis! Amen.
Korset tildekka og alteret nakent fram til påskevigilien



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar