Den italienske ordenssøstera Leonella Sqorbati ( 1940 - 2006)vart saligkåra 26. mai 2018. Ho vart erklært som martyr - in odium fidei ( av hat til trua) året før. Som martyr krevst det ikkje mirakel for å bli saligkåra, bare for det siste steget i prosessen - heilagkåringa. Leonella var navnet ho fekk som ordenssøster, døypenavnet var Maria Rosa. Ho kom frå Gazzola i Nord- Italia, men familien flytta til Milano då ho var heilt ung.Mora var ei from kvinne som nok påverka den livsvegen ho valgte. Alt i 1952 skal ho ha følt på at « Herren budde i henne» og eit kall vaks fram.I 1963 slutta ho seg til ordenen « Misjonærer av Consolata», ein orden som vart grunnlagt i Torino av Josef Allamano på byrjinga av 1900- talet.Navnet viser til Det lauretanske litani der det står: « Consolatrix afflictorum, ora pro nobis»( Du sorgfulles trøster be for oss) Ordenen driv misjonsarbeid i ei rekke land og har både ei mannleg og ei kvinneleg grein. På slutten av 1960 talet utdanna ho seg til sjukepleiar og jordmor, ho avla evige løfter i 1972. Etter det var ho i Nairobi i Kenya, der ho arbeidde med å oppretta sjukepleiar- utdanning. Ein periode var ho leiar for ordenen i Kenya. Ho gjorde eit sterk inntrykk på alle som møtte henne.
Frå 2001 byrja ho å pendla mellom Kenya og Mogadishu i Somalia for om mogleg å bygga opp ein sjukepleiar- utdanning også der. På denne tida var Somalia eit land prega av kaos og vald, søster Leonella hadde heile tida med seg væpna livvakt.Ei rekkje misjonærar og hjelpearbeidarar hadde tidlegare blitt drept av ekstremistar,Leonella var fullt klar over den risikoen ho var utsett for ved å opphalda seg i Somalia som ordenssøster. 13. september 2006 kom ho tilbake til Somalia frå Kenya, 17.september vart ho og hennar somaliske livvakt utsett for eit væpna åtak, livvakten døydde med det same, Leonella døydde på operasjonsbordet eir par timar seinare. Hennar siste ord skal ha vore: « Perdono - eg tilgjer.»
Det vart spekulert i om det var ein samanheng mellom pave Benedikts «Regensburgforedrag» og attentatet på søster Leonella. Paven hadde i foredraget kome med eit sitat som var misoppfatta og førte til valdelege reaksjonar i fleire muslimske land.
Sr. Leonella vart gravlagt i Kenya. Etter kort tid vart det starta ein saligkåringsprosess. Ho vart erklært som martyr og venerabilis - ærverdig i 2017, og 26. mai året etter som salig.Minnedagen er 17.september.
Salige Leonella be for oss!
Foto: Consolata missionary sisters

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar