søndag 18. januar 2026

The context of holiness

 “The context of holiness” av karmelittbroder Marc Foley ocd kom i 2008, og er ein andeleg og psykologisk analyse av Thérèse av Lisieux’s liv frå barndommen til ho døydde i klosteret bare 24 år gammal. Eg las bok for eit par år sidan og på nytt no, det gjev eit spennande og tankevekkande perspektiv på denne unike lagnaden! 

Det andelege er ikkje ein avgrensa sfære i livet vårt, det er vårt svar på Guds kall, eit svar  forma av såvel den kroppslege og psykologiske, som den sosiale og emosjonelle dimensjonen i vår jordiske eksistens. Slik er det for oss og slik var det og for Thérèse. Ho var på mange måtar eit emosjonelt skadd barn framfor alt  pga. av tap av nære omsorgspersonar og den sorgprosessen som følgde. Ei amme tok seg av henne det første leveåret, ho knytte seg naturleg nok til henne, og det var ei traume då ho som eittåring kom tilbake til sin biologiske familie. Nytt traume følgde tre år seinare då mora Zelie døydde av brystkreft. Etter dette braut faren opp med familien og flytte frå Alencon til Lisieux. Thérèse knytte seg tett til søstera Pauline som var som ei mor for henne,eit nytt traume venta då Pauline vart karmelittnonne. Dei fire døde småsøskena låg nok og som ei uutalt tyngsle i familien. Thérèse var eit følsomt og sjenert barn som lett tok til tårene, ho var engsteleg og det vi ville kalla klengete.I tiårs alder blei ho alvorleg sjuk, med vår tids blikk vil nok karakterisera det som funksjonelt eller “ psykosomatisk “. Ho skal ha blitt brått lækt, og tilskreiv det forbøn av Notre Dame de Victoire som ei kyrkje i Paris er vigd til.

Som sikkert nokså umogen 15 åring fekk ho løyve til å gå inn i karmelittklosteret i Lisieux. Ho bar med seg sine barndomstraume, ikkje minst i form av skrupler og redsle for å ha synda alvorleg trass i skriftefarens klare utsagn om at ho aldri - aldri hadde synda alvorleg. Livet i klosteret var ikkje lett, Thérèse var lite praktisk, ho hadde dårleg stemme, sovna som oftast under indre bøn, og på slutte av livet gjekk ho inn i eit djupt indre mørke med sterk tvil på eit liv etter døden. Då ho var død, lurte dei andre nonnene på kva priorinna skulle seia om henne, for det var jo absolutt ingenting ekstraordinært å minnast Thérèse for. Dei kunne ikkje ha teke meir feil!

Marc Foley analyserer alle desse aspekt ved Thérèses liv med referansar til både psykologi, teologi og skjønnlitteratur. Han konkluderer med at for Thérèse var dei emosjonelle såra frå barndomen ikkje ein hindring for andeleg vekst, men derimot den konteksten der ho kunne gradvis bli meir heilaggjort.På same måte er ikke tvil og bønne- tørke ei hindring men den samanhengen som trua blei  modna i. “ For når vi held fram med å gjera Guds vilje utan emosjonell støtte, vil vår kjærleik til Gud og vår neste verta rensa og veksa.” Gud kan nytta alt i våre liv til andeleg vekst såvel våre traume og det vi mislukkast med som det vi tilsynelatande fekk til !

( Marc Foley ocd The Context og Holiness. ICS Publication. Washington DC . Revised Edition 2020)







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar